EPN-V2

LIG6400 Perspectives on Literature in History Course description

Course name in Norwegian
Litteratur- og kulturformidling 1: Historiske perspektiv
Weight
15.0 ECTS
Year of study
2017/2018
Course history
  • Introduction

    Emnet gjev ein introduksjon til litteratur- og kulturformidling (om lag ein tredjedel) og ei innføring i litteratur- og kulturhistorie (om lag tro tredjedelar). Emnet diskuterer kva humanistiske og litteratursosiologiske perspektiv har å seie for praksisfeltet og i bibliotek- og informasjonsvitskapen. Studentane tileignar seg kunnskap om teksthistoriske liner. Emnet utviklar forståing for korleis litteratur- og mediebruken har forandra seg gjennom tidene. Studentane studerer eit utval representative tekstar frå ulike sjangrar og får trening i å formidle dei i bestemte perspektiv.

  • Required preliminary courses

    Ingen forkunnskapskrav

  • Learning outcomes

    Kunnskaper

    Studenten

    • har forståing for grunnleggjande teoretiske omgrep som kommunikasjon, formidling, teori, praksis, lesing og danning
    • tileignar seg eit overblikk over litteratur- og kulturhistorie
    • ser samanhengar mellom samfunnsendringar og lesemønster/mediebruk
    • kan sjå korleis historiske førelegg verkar i samtidskulturen

    Ferdigheter

    Studenten

    • kan reflektere over og diskutere nokre sentrale teoretiske omgrep innafor litteratur- og kulturformidlingsfaget.
    • kan gjere greie for historiske tekstar i høve til deira samtid og vår eiga tid
    • har erfaring med å formidle i bokomtaler.
    • har erfaring med å syntetisere eit stoff i perspektiv
  • Teaching and learning methods

    Innlevering av obligatoriske oppgåver. Oppgåvene blir retta og kommentert .

  • Course requirements

    6 innleveringar. Omfanget varierer med tema for oppgåva.

  • Assessment

    Alle arbeidskrav må vere godkjend før studenten kan framstille seg til eksamen.

    Vurderingsforma er ei mappeinnlevering. Mappa skal innehalde to av arbeidskrava.

  • Permitted exam materials and equipment

    Alle hjelpemiddel tillate

  • Grading scale

    Vurderingsuttrykket er ein gradert skala med fem trinn frå A til E for bestått og F for ikkje bestått.

    Studentar som ikkje består ordinær eksamen, må ved ny/utsatt eksamen levere ei omarbeida mappe. Viss mappa framleis ikkje er bestått må det leverast ei heilt ny mappe med nye problemstillingar.