Programplaner og emneplaner - Student
Norsk 2, trinn 1-7 Programplan
- Engelsk programnavn
- Norwegian 2 for Primary School Teachers
- Gjelder fra
- 2025 HØST
- Studiepoeng
- 30 studiepoeng
- Varighet
- 2 semestre
- Timeplan
- Her finner du et eksempel på timeplan for førsteårsstudenter.
- Programhistorikk
-
Innledning
Programplanen byggjer på forskrift om rammeplan for grunnskulelærarutdanning for trinn 1 – 7, fastsett av Kunnskapsdepartementet 7. juni 2016, nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanninga trinn 1 – 7, revidert 17.10.2018 og programplan for grunnskulelærarutdanning for trinn 1 – 7 ved OsloMet – storbyuniversitet, fastsett av studieutvalet 16. november 2016.
Norsk 2 byggjer på norsk 1. Emnet gjev historisk bakgrunn og meir omfattande kunnskap om sentrale språklege og litterære emne, djupare innsikt i fagdidaktiske spørsmål i begynnaropplæringa og i norskundervisninga på mellomtrinnet, og betre fagleg grunnlag for arbeid med læringsfremjande vurdering og tilpassa norskopplæring for alle elevar. Studentane får eit godt høve til å vidareutvikle sine eigne språkferdigheiter og eigen tekstkompetanse og formidlingsevne.
Som språkfag har norsk ein særeigen posisjon. Språket spelar ei grunnleggande rolle for læring, kritisk tenking og kommunikasjon. Dette heng tett saman med identitetsutviklinga til språkbrukaren og kultur- og samfunnsutviklinga gjennom historia. Samstundes er språket inngangen til ei aktiv deltaking i arbeidslivet og demokratiske prosessar. Gjennom arbeid med språk og tekstar skal norskfaget i lærarutdanninga leggje grunnlaget for at studentane kan bidra til at elevar blir trygge og aktive språkbrukarar som utviklar språk- og tekstkunnskap tilpassa trinn og alder.
Litterære tekstar går i aktiv dialog med utvikling og spenningar i kulturen, livsvilkår og tenkemåtar. Både fiksjons- og saktekstar gjev innsyn i kulturelle og historiske referanserammer og innbyr til refleksjon og kritisk tenking. Skjønnlitteratur har på same tid eit særleg potensial for styrking av førestellingsevne og empati. Arbeid med tekstar i ulike medium og sjangrar og frå ulike perspektiv – estetiske, kommunikative, kulturelle og historiske – skal leggje grunnlaget for gode tekstval og fagleg litteraturarbeid som innbyr elevar på trinn 1–7 til oppleving og tolking, nyskaping og kritisk refleksjon.
Å lytte og tale, lese og skrive, sjå og vise er sentrale aktivitetar i all kommunikasjon og læring. Norskfaget gjev spesialisert kunnskap om slike prosessar og rikeleg høve til å praktisere dei i fagleg arbeid. Studentane skal vidareutvikle evna til å vurdere og diskutere eigne og andre sine tekstar og til å bruke relevante tekstar og medium i fagleg arbeid. Dei skal lære å forstå korleis elevar utviklar og vidareutviklar grunnleggjande munnleg og skriftleg tekstkyndigheit, og dei skal rustast til fagspesifikk undervisning i lesing, skriving og munnleg aktivitet tilpassa elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter på trinn 1–7.
Vidareutdanningstilbodet Norsk nivå 2 1.-7. trinn er fornya i tråd med det nye læreplanverket (2020) og behova i framtidas skule. I tråd med det nye læreplanverket skal norskfaget gjerast praktisk relevant for alle elevar. Det dei lærer skal kunne brukast praktisk, styrke deira kritiske erkjenning til tekster og gje dei eit språk å tenkje med. Norsk 2 gjev studentane ein norskfagleg fordjuping gjennom eit samspel mellom forskingsbasert teoretisk kunnskap, praksiserfaring og studentane sitt eige arbeid med arbeidsmetodar, språk og tekstar.
I tråd med ny læreplan vektlegg Norsk 2 kunnskap om og erfaring med kjerneelementa i norskfaget, utforskande arbeidsmåtar, estetiske tilnærmingar og aktivitetar som stimulerer til leik og bevegelse. Norsk 2 integrerer tverrfaglege tema som folkehelse og livsmeistring, demokrati og berekraftig utvikling. Trening av tolkingskompetanse og kritisk tilnærming til tekst er ein grunnleggjande del av norskfaget, og er med å styrke demokratisk deltakarkompetanse. Elevane skal lese tekstar for å oppleve, bli engasjert, undre seg, lære og få innsikt i andre menneske sine tankar og livsvilkår. Skjønnlitteraturen sin særlege evne til å styrke førestillingsevne og empati kjem inn som ein viktig del av arbeidet med folkehelse og livsmeistring og berekraftig utvikling.
Norsklærarane skal lære elevane å gjere sjølvstendige og kvalifiserte val av litteratur som interesserer dei. Opplæring i tekstval står difor sentralt. Studiet vil gje fordjupa kunnskap og fagleg refleksjon. Samstundes vil studiet gje forskingsbasert undervisning om ulike arbeidsmetodar og bruk av digitale verktøy. Norsk 2 vil ivareta eit interkulturelt perspektiv, og vidareutvikle studenten sitt faglege og didaktiske grunnlag for tilpassa opplæring i norskfaget. Kurs innhaldet vil vere basert på ny forskingsbasert kunnskap om norskundervisning.
Arbeidskrava vil bli tilpassa den aktuelle elevgruppa som lærarane på kurset har på sin arbeidsplass, og innebere kunnskapsdeling på eigen skule. Undervisningsmetodar og val av litteratur som styrker elevane sin lesemotivasjon er ein sentral del av studiet, det same gjeld kritisk refleksjon om val av læringsmiljø, hjelpemiddel og lærebøker.
Norsk 2 trinn 1-7 er eit studietilbod i regi av eining for oppdrag og vidareutdanning ved fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium, og er eit tilbod innanfor Kompetanse for kvalitet – strategi for vidareutdanning av lærarar.
Målgruppe
Målgruppa for studiet er lærare med godkjend lærarutdanning for undervisning i grunnopplæringa.
Opptakskrav
Opptakskrav er bestått lærarutdanning innretta for undervisning i grunnskolen. Søkjarar med bestått førskole- eller barnehagelærarutdanning må ha tilleggsutdanning for å undervise i barneskolens 1. til 4. trinn (GLSM 60 studiepoeng eller GLSM 30 og 30 studiepoeng i matematikk eller norsk retta mot barnetrinnet eller PAPS 1+2). Kvalifiserte søkjarar må ha minimum 30 studiepoeng i norsk eller tilsvarande (til dømes norsk 1 (30 studiepoeng) frå sin tidlegare utdanning). Studentar som får studieplass, må vere i arbeid som lærar i grunnskulen eller ha kontakt med ein skule der det er mogleg å ta aktivt del i norskopplæring. Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvikast dersom søkjaren berre manglar faget ho/han søkjer på, for å fullføre godkjend lærarutdanning.
Søkjarar blir rangerte etter karakterpoeng frå lærarutdanninga og Norsk 1, trinn 1.-7. Søkjarar som har fått innvilga stipend og/eller vikarmidlar frå Utdanningsdirektoratet (Udir), får 5 tilleggspoeng
Læringsutbytte
For nærare informasjon, sjå emneplanane.
Innhold og oppbygging
Norsk 2 trinn 1-7 (30 studiepoeng) er eit deltidsstudium med samlingar på OsloMet. Mellom samlingene har studentane arbeidskrav knytt til undervisning i grunnskulen, som leverast på universitetes digitale læringsplattform. Studiet er bygd opp av to emne á 15 studiepoeng. Innhaldet i emne 2 byggjer på innhaldet i emne 1.
- Emne 1: Skjønnlitterære klassikarar for barn, ungdom og vaksne, barnelitteraturhistorie. Skriving og skriveopplæring - også i eit historisk perspektiv. Språkleg variasjon, elevane sin skapende tekstproduksjon og val av litteratur og arbeidsmåtar.
- Emne 2: Samtidslitteratur for barn og unge, samansette tekstar i ulike medium.Litteraturteori, utforskande arbeidsmåtar, arbeid med lesemotivasjon, tilpassa opplæring, lese- og skrivevanskar. Munnlegheit, begynnaropplæring og den andre leseopplæringa.
Studiet er lagt opp for å sikre ein god heilskap og progresjon frå emne 1 til emne 2. Norsk 2-faget er profesjonsinnretta med vekt på forskingsbasert teori, læreplanforankring og didaktikk. Faget gir djupare innføring i norskfaget sine kjerneelement: tekst i kontekst, kritisk tilnærming til tekst, munnleg kommunikasjon, skriftleg tekstskaping, språket som system og moglegheit og språkleg mangfald. I tillegg gir faget ei djupare innføring i dei grunnleggjande ferdighetene: munnlegheit, skriving, lesing og digitale ferdigheiter og tverrfaglege tema som folkehelse og livsmestring, demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling. Studiet gir innføring i eit rikt og variert utval av tekstar både til personleg og fagleg vekst og til bruk i undervisning for både gutar og jenter på 1.- 7. trinn.
Studiet gir ei fagdidaktisk tilnærming til sentrale emne i tekstfaget norsk: skjønnlitteratur, sakprosa, multimodale tekstar, språkkunnskap og lese- og skriveopplæring. Tilpassa opplæring og den fleirkulturelle skulen er eit gjennomgåande perspektiv.
Studentane skal lære å analysere, vurdere og formulere faglege og metodiske problemstillingar. Læreplanforståing og kunnskap om vurdering er ein del av studiet, og studentane lærer å evaluere arbeida til kvarandre og eigne arbeid og prestasjonar. Dei skal drøfte vurderingskriterium og premissar for responsarbeid i studiet og i eigen praksis.
Arbeids- og undervisningsformer
Kvart emne har tre samlingar og avsluttande eksamen. Kvar samling går over to dagar. I Norsk 2-faget blir det nytta varierte metodar og tilnærmingar til undervisning. Deltakarane arbeider i faste grupper. Gruppene støttar kvarandre i arbeidet, utvekslar erfaringar på nettet og kommenterer oppgåver for kvarandre. Nokre arbeidskrav er knytte til gruppearbeid (sjå meir under kvart emne).
Dialogen mellom student og lærar, oppgåveinnleveringar, faglege ressursar og individuell oppfølging frå lærar skjer hovudsakleg i nettbasert forum. I tillegg til undervisning blir samlingane brukte til erfaringsdeling med utgangspunkt i praksisopplegg deltakarane gjennomfører i eigen klasse.
Deltakarane arbeider med didaktiske oppgåver til fagstoffet mellom samlingane. Oppgåvene bind saman teoretisk fagstoff, didaktisk refleksjon og praksisaktivitetar i klasserommet.
Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter
Det er knytt arbeidskrav til kvart emne. Desse arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen. Sjå meir om arbeidskrav under emne 1 og emne 2.
Arbeidskrav skal vere leverte/utførte innan fastsett(e) frist(ar). Fråvær dokumentert med til dømes sjukemelding, fritar ikkje for å innfri arbeidskrav. Studentar som på grunn av sjukdom eller annan dokumentert årsak ikkje leverer/utfører arbeidskrav innan fristen, kan få forlenga frist. I kvart enkelt høve må studenten avtale ny frist med læraren for å innfri arbeidskravet.
Arbeidskrav blir vurdert til godkjend eller ikkje godkjend. Studentar som leverer/utfører arbeidskrav innan fristen, men som får vurderinga Ikkje godkjend, har høve til maksimum to nye innleveringar/utføringar. Studentane må då sjølve avtale ny innlevering og vurdering av arbeidskravet med faglærar.
Vurdering og sensur
Programplanen byggjer på forskrift om rammeplan for grunnskolelærarutdanning for trinn 1 – 7, fastsett av Kunnskapsdepartementet 7. juni 2016, nasjonale retningslinjer for grunnskolelærarutdanninga trinn 1 – 7 av 1. september 2016 og programplan for grunnskolelærarutdanning for trinn 1 – 7 ved OsloMet – storbyuniversitet, fastsett av studieutvalet 16. november 2016.
Norsk er eit obligatorisk fag i grunnskolelærarutdanninga for 1. – 7. trinn. Norsk 1-studiet skal gjere lærarar i stand til å møte norskfaglege utfordringar i eit fleirkulturelt og multimedialt samfunn. Studiet skal gi studentane høve til å utvikle eit fagleg og didaktisk grunnlag for tilpassa norskopplæring i grunnskolen. Dei skal kunne nytte ulike arbeidsmåtar som passar frå første til og med sjuande trinn. Arbeidet med norskfaget skal sikre eit vekselspel mellom teoretisk kunnskap, praksiserfaring, studentane sitt eige arbeid med språk og tekstar og didaktisk refleksjon. Eit overordna mål for studiet er å gje lærarar på barnetrinnet ei god forståing av norskfaget slik det no er utforma i det nye læreplanverket og gjere dei i stand til å implementere den nye læreplanen i norskundervisninga på sin arbeidsplass. Fagplanen i norsk vil bli analysert og sett i lys av verdiar og prinsipp i overordna del med fokus på fagets hovudintensjonar. Arbeid med kjerneelement i faget vil vere sentralt, og undervisninga vil dekkje temaa tekst i kontekst, kritisk tilnærming til tekst, munnleg kommunikasjon, skriftleg tekstskaping, språket som system og moglegheit samt språkleg mangfald.
Kursinnholdet vil være basert på ny, forskingsbasert kunnskap om norskundervisning. I begge emne vil det vere arbeidsoppgåver (arbeidskrav) mellom samlingane knytt til fagleg refleksjon, praksiserfaringar og kunnskapsdeling på eigen skole. Fagdidaktiske problemstillingar er ein viktig del av studiet, som det å bruke og drøfte ulike læringsmiljø, undervisningsmetodar, hjelpemiddel og lærebøker. I tråd med innhaldet i det nye læreplanverket legg studiet vekt på kunnskap om bruk av estetiske arbeidsformer, utforskande tilnærmingar og bruk av digitale verktøy. tema?
I emne 1 er hovudområda grunnleggande skrive- og leseopplæring og språket som system og mogelegheit. Sentrale emne er barns språkutvikling, ordforråds- og omgrepslæring, grammatikken i bruk og andrespråklæring. I tillegg lærer studenten om praktisk arbeid med lyrikk i skolen og får auka kompetanse i å vurdere elevtekstar og elevars skriveutvikling. I undervisninga vil det bli lagt vekt på å utvikle kunnskap og ferdigheiter som rustar å bruke kreative og utforskande arbeidsmåtar i norskfaget. Dette blir vidareutvikla og utdjupa i emne 2. Kunnskap om og praktisk bruk av digitale arbeidsmåter i begynnaropplæringa blir òg vektlagt.
I emne 2 er hovudområda vidareutvikling av lese- og skriveferdigheiter, munnleg kommunikasjon, litteratur og litterær danning. Studentane skal få kunnskap og ferdigheiter til å vidareutvikle elevane sine lese- og skriveferdigheiter, munnlege ferdigheiter og skapande skriving. Studentane vil få brei innsikt i korleis arbeid med barnelitteratur og sakprosa kan engasjere barn og unge og bidra til identitetsutvikling. Studentane vil også få kunnskap om nyare forsking på lesing, samtale og estetiske arbeidsmåtar knytt til tverrfaglege tema som livsmeistring, demokrati og berekraftig utvikling.
Hovudfokus vil vere didaktisk arbeid med nyare litteratur, men studentane vil også arbeide med eldre tekster. Det er ei utvida tekstforståing som ligger til grunn for studiet, og studentane vil arbeide med bildebøker, romanar, noveller, filmatiserte og digitaliserte tekstar samt forteljingar frå fortid og notid på norsk, dansk og svensk og i omsetjing frå samisk og andre språk. Emnet vil også innehalde studium av og bruk av sakprosatekstar i undervisning, samt arbeid med kritisk tenking og argumenterande skriving knytt til dette.
Norsk 1 trinn 1 – 7 er eit studietilbod i regi av lærarutdanninga sin etterutdannings- og oppdragsverksemd, og blir tilbydd som del av vidareutdanningsstrategien Kompetanse for kvalitet – strategi for vidareutdanning av lærarar.
Øvrig informasjon
Målgruppa for studiet er lærarar med godkjend lærarutdanning for undervisning i grunnopplæringa.