Programplaner og emneplaner - Student
NORD6210 Norsk 2, trinn 1-7, emne 1 Emneplan
- Engelsk emnenavn
- Norwegian 2 level 1-7, Subject 1
- Studieprogram
-
Norsk 2, trinn 1-7
- Omfang
- 15.0 stp.
- Studieår
- 2025/2026
- Pensum
-
HØST 2025
- Timeplan
- Programplan
- Emnehistorikk
-
Innledning
Emne 1 ligg i haustsemesteret og har avsluttande munnleg eksamen før jul. Studentane har arbeidskrav som føreset arbeid i eigne grunnskuleklassar.
Læringsutbytte
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert som kunnskap, dugleik og generell kompetanse:Kunnskap
Studenten
- har omfattande kunnskap om språkleg variasjon og norsk som første- og andrespråk
- har kunnskapar om språkhistorie, språklege endringsprosessar i eldre og nyare tid og gjeldande normering av nynorsk og bokmål
- har kunnskapar om litteraturhistorie og brei kunnskap om skjønnlitteratur frå ulike tider, for barn, unge og vaksne
- har kunnskapar om kva for funksjonar skriving har hatt og har i kulturen vår
- har utvida kunnskapar om skriftlege sjangrar og innsikt i korleis elevar frå 1. til 7. trinn utviklar kunnskapar om desse og kan nytte dei i eige tekstarbeid
- har inngåande kjennskap til teoriar om skriving og skriveopplæring, også for elevar med norsk som andrespråk
- har kunnskapar om sentrale verk i norsk fiksjonslitteratur og sakprosa
- har kunnskap om barnelitteraturhistorie og skjønnlitterære klassikarar for barn
- har kunnskap om skjønnlitterære klassikarar for vaksne og adaptasjon av desse for barn
- har kunnskap om adaptasjon og remediering av klassikarar for barn, ungdom og vaksne
Dugleik
Studenten
- kan bruke grammatikk- og språkkunnskap, tekst- og litteraturkunnskap i analyse av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
- kan gje tilpassa opplæring for andrespråkselevar med varierande ferdigheiter i munnleg og skriftleg norsk
- kan legge til rette for variert arbeid med skjønnlitteratur og sakprega tekstar i tradisjonelle og moderne medium
- kan organisere og drive tilpassa skriveopplæring for 1. til 7. trinn etter fagleg grunngitte prinsipp, også for elevar med norsk som andrespråk
- kan bruke språk- og tekstkunnskap aktivt i rettleiing av elevar i skriveprosessen
- kan rettleie i arbeidet med tekstar slik at elevane kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
- kan samanlikne tekstar skrivne for barn med omsyn til innhald, form og funksjon
- kan setje sentrale norske tekstar inn i ein historisk samanheng, tolke dei og sjå dei i lys av nordisk og annan internasjonal litteratur
- kan utføre litterær analyse
Generell kompetanse
Studenten
- har innsikt i skulefagets historie og eigenart som språk-, kultur-, litteratur- og danningsfag
- kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer
- har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå eit historisk perspektiv på faget
Innhold
Etter fullført studium har studenten følgende læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:
KunnskapStudenten har
- kunnskap om hvordan teknologi brukes innen eget fagfelt og hvordan dette påvirker fagarbeiderens yrkesutøvelse
- kunnskap om bruk av ny teknologi og digital kompetanse for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av opplæringen i sentrale yrkesoppgaver innen egne utdanningsprogram
FerdigheterStudenten kan
- anvende ny teknologi og digital kompetanse til å dokumentere bruken av yrkesfaglige arbeidsprosesser på en hensiktsmessig måte
- anvende ny teknologi og digital kompetanse til planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av sentrale yrkesoppgaver innen eget utdanningsprogram
- vurdere og dokumentere hvordan ny teknologi kan innvirke på yrkesfaglige arbeidsprosesser
- bruke nettbaserte tjenester til deling av erfaringer og kunnskaper
Generell kompetanse
Studenten kan
- utvikle grunnlag for læringsoppgaver som bygger relevant kompetanse for å møte ulike yrkers bruk av ny teknologi
- bruke teknologi til samhandling og læring
- bruke teknologi på en etisk forsvarlig måte
Arbeids- og undervisningsformer
Arbeidet i kurset vil i stor grad integrere dei faglege og dei didaktiske aspekta. Det vil vere ein kombinasjon av førelesing, gruppearbeid og individuelt arbeid. Studentane vil få variert erfaring med presentasjon, respons og fagleg refleksjon. IKT blir nytta som eit verktøy i undervisninga til eiga skriving, presentasjon og tileigning av fagstoff. Studentane vil vidare få erfaring med og innsikt i å vere digitale i norsk, mellom anna ved å vurdere, produsere og lese ulike digitale tekstar.
Deltakarane arbeider med didaktiske oppgåver til fagstoffet mellom samlingane.
Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter
Følgjande arbeidskrav må vere godkjende før studentane kan gå opp til eksamen i emne 1:
- Individuell oppgåve (2200 ord): Elevtekstanalyse på mikro- og makronivå, levert som Word-dokument. Respons frå faglærar med «spor endringar». Innlevering på høgskulens digitale læringsplattform. Målform: nynorsk. I tillegg skal studenten levere ein videorespons av den aktuelle elevteksten i valfritt format.
- Didaktisk presentasjon i gruppe med felles notat og individuell refleksjon etter nærare retningsliner i undervisningsplanane. Målform: valfri.
Vurdering og eksamen
Avsluttande vurdering blir gjennomført i haustsemesteret, og er ein munnleg individuell eksamen med presentasjon og påfølgjande fagsamtale. Studenten får tre dagar før eksamenstidspunktet eit tema innan litteratur eller språk. Studenten skal førebu ein fagleg og didaktisk presentasjon med sjølvformulert problemstilling og val av fokus. Vurderinga vil leggje vekt på fagleg og didaktisk innhald, presentasjonsform og munnleg framstillingsevne. Etter presentasjonen trekkjer studenten eit emne innan den andre delen (litteratur eller språk), som nyttast som utgangspunkt for ein munnleg fagsamtale.
Ny/utsett eksamen
Ny og utsett eksamen blir arrangert på same måte som ordinær eksamen.
Studentens rettar og plikter ved ny/utsett eksamen framgår av Forskrift om studier og eksamen ved OsloMet. Studentar er sjølve ansvarlege for å melde seg opp til eventuell ny/utsett eksamen.
Vurderingsuttrykk
Gradert karakter A-F.
Sjå forklaringar om graderte karakterar i programplanen.
Sensorordning
Emnet omhandler kartlegging, analyse, deling og nettbasert samhandling rundt teknologisk utvikling, bærekraftighet og yrkesfaglig teknologisk kompetanse innen eget utdanningsprogram. Emnet omhandler også dokumentasjon og utprøving av digitale læringselementer i opplæringen. Det faglige innholdet vektlegger blant annet personvern, sosiale medier, digitale læringselementer og analyse av læreplaner og arbeidsprosesser.
Opptakskrav
Ingen forkunnskapskrav