Tilgjengelegheitserklæring
Tilgjengelegheitsstatus for student.oslomet.no per 17. november 2021.
Vi brukar Siteimprove til å kontinuerleg måle i kva grad student.oslomet.no oppfyller krava til tilgjengelege nettstader (universell utforming). Verktøyet gir oss ein "Accessibility Score" som viser i kva grad nettstaden samsvarer med standardane i WCAG 2.1 (Web Content Accessibility Guidelines).
-
Dette må vi rette
WCAG-nivå A, score 88,7/100
Åtte feil står att å løysa - lovkrav:
Eit element som kan rullast, er ikkje tilgjengeleg med tastaturet, 5350 sider
Behaldarelementet er tomt, 46 sider
Element-ID-er er ikkje unike, 35 sider
Rolla er ikkje innanfor den nødvendige konteksten, 22 sider
Tomme overskrifter, 19 sider
Skjulte element har fokuserbart innhald, 7 sider
Lenke utan tekstalternativ, 4 sider
Det er ikkje lett å sjå lenkene, 2 sider
WCAG-nivå AA, score 72,0/100
Éin feil står att å løysa - lovkrav:
Teksten blir avkutta når han endrar storleik, alle sider
WCAG-nivå AA, score 48,5/100
Tre feil står att å løysa - ikkje lovkrav:
Skriftstorleiken er fast, 133 sider
Linjehøgda er under minimumsverdien, 23 sider
Linjehøgde er fast, 2 sider
-
OsloMet sine plikter
OsloMet er pliktig til å
oppretthalde og vidareutvikle ein tilgjengeleg nettstad for studentar
sjå til at nettstaden oppnår minst nivå AA i WCAG 2.1 (w3.org)
følgje forskrift om universell utforming av IKT (lovdata.no)
sørgje for at alt nytt innhald oppnår minst nivå AA i WCAG 2.1
inkludere universell utforming i valet av tredjepartssystem og oppgraderingar av eksisterande system
OsloMet er offisiell samarbeidspartnar med International Association of Accessibility Professionals (iaapnordic.org).
Tilgjengelegheitsprinsippa vi følgjer
Kommunikasjonsavdelinga ved OsloMet tar universell utforming av IKT på alvor, og har dedikerte personar og verktøy for å dagleg følgje med på nettstadens status. Gjennom arbeidsøkter kvar uke rettar vi opp i WCAG-feil, samt legg langsiktige planar for korleis vi skal løyse dei resterande problema (både innanfor og utanfor WCAG).
-
Er det noko du ikkje klarar å lese på student.oslomet.no?
Kontakt oss for å få tilsendt innhald i eit anna format. Du kan sjølv velje korleis du vil ha innhaldet. Døme på dette kan vere universelt utforma PDF-ar, Word-filer eller print på papir.
Fungerer ikkje skjermlesaren slik den skal på nettstaden vår? Ring 67 23 50 00 (sentralbord) og få innhald lest opp via telefon.
Tips og triks
Tekststorleik
Hald inne Ctrl og tast + (pluss) for å zoome inn.
Hald inne Ctrl og tast - (minus) for å zoome ut.
Hald inne Ctrl og tast 0 (null) for å gå tilbake til start.
Skjermlesar
Ein skjermlesar er eit dataprogram som presenterer det visuelle på ein skjerm over til ei leselist eller til syntetisk tale.
Få meir informasjon om skjermlesarar på Blindeforbundets nettsider (blindeforbundet.no).
-
Verktøy og sider om tilgjengelegheit
-
For innhald på engelsk
-
Korleis kan du sei frå om manglande tilgjengelegheit?
Er det noko som ikkje fungerer som det skal, eller er språket vanskeleg å forstå? Er det noko som hindrar funksjonalitet, eller går du glipp av innhald på student.oslomet.no?
Vi set stor pris på tilbakemeldingar om tilgjengelegheit!
Kom med tilbakemeldingar og spørsmål til oss i den sentrale nettredaksjonen via e-post.