Supported Employment og kvalitetsutvikling i et organisatorisk perspektiv - Student

Studieoversikt Offentlig

Supported Employment og kvalitetsutvikling i et organisatorisk perspektiv Studieinformasjon

Studiested
Pilestredet, Oslo
Studiepoeng
15
Kull/termin
Vår 2023
Omfang
Deltid

Timeplan

Denne timeplanen viser timeplanen for første studieår - er du allerede student kan du logge inn for å se din personlige timeplan.
Undervisningsdatoer for våren 2020 ligger i sjekklisten nedenfor.

Timeplan Portlet

Timeplanen for høsten 2023 er ikke ferdig enda. Endringer kan forekomme frem til publisering 1. juni.

Emner og pensumlister

Lenke til oppdatert emneplan ligger under punkt 2) nedenfor.

Systemet kan ikke hente emner for dette studieprogrammet på det nåværende tidspunktet.

Programplan

Nyhet

Studiestart haust 2021 - Supported Employment og kvalitetsutvikling i eit organisatorisk perspektiv

Velkommen til oss som student på vidareutdanning i Supported employment og kvalitetsutvikling i eit organisatorisk perspektiv. Nedanfor kjem praktisk informasjon om det å vere student ved OsloMet – storbyuniversitetet.

Kvar held vi til?

Dei fleste av studia våre har undervisning i Pilestredet.

Sjå kart og finn rom på campus Pilestredet med Mazemap

Informasjon om innhald i studiet finn du i emneplanen

Sjå emneplanen.

Undervisningsdatoar høst 2021

22.-24. september (digital undervisning)

20.-22. oktober (digital undervisning)

1.-3. desember (fysisk samling i Pilestredet 35, rom Pi460)

Semesterregistrering

Semesterregistrering skjer i Studentweb: Logg inn med fødselsnummer (11 siffer) og PIN-kode (4 siffer). PIN-kode og studentnummer blir sende ut i eigen e-post. Sjekk om kontaktinformasjon er rett (adresse, telefon, e-post). Faktura finn du under Betaling i venstre felt. Studentweb vil etter kvart også innehalde informasjon om påmelding til eksamen, kandidatnummer og eksamensresultat. Fristen for semesterregistrering er 1. september (haustsemesteret) og 1. februar (vårsemesteret).

Aktivere brukarkontoen din (få tildelt passord)

Som ny student vert du tildelt ein brukarkonto som gir deg tilgang til mellom anna e-post og Canvas. Du må sjølv aktivere kontoen før du får tilgang til tenestene. Gå til brukarkonto, tast inn studentnummer (6 siffer) med liten s foran og aktiveringspassord. Det er felles brukarnamn og passord for alle dei nemde IT-tenestene.

Brukarnamn (studentnummer + liten s foran) og aktiveringspassord blir sende ut i eigen e-post.

Canvas

OsloMet brukar Canvas som læringsplattform. Canvas er ei nettbasert teneste for læring, undervisning og samarbeid. For å få tilgjenge til emna dine i Canvas må du ha semesterregistrert deg. Bruk OsloMet-brukarnamnet ditt (til dømes s123456) og passord for å logge inn. Er du allereie innlogga vert du sende direkte til Canvas.

Ny student eller nyleg byrja å studere ved OsloMet igjen? Aktiver brukarkontoen din først.

Hugs at av tekniske årsaker kan det gå inntil eit døgn før du kan logge deg inn i Canvas etter å ha aktivert brukarkontoen din.

Canvas vil gi deg større fleksibilitet i studiekvardagen ved å ta i bruk Canvas-app. For informasjon om korleis læringsplattforma fungerer, Canvas-appen med meir: lenke til veiledning.

Studiekort

Studiekort er eit kort med bilete og signatur som blir utskrive av OsloMet. Kortet kan rukast både som studiekort, bruk av bibliotek og tilgjenge. PIN-koden din må brukast saman med kortet for tilgjenge om ettermiddagen. Studiekortet er gyldig studentlegitimasjon berre saman med semesterkvitteringa. Studiekortet vert utferda av Kortsenteret i Pilestredet 42. Kortsenteret har ope mellom 08:15 og 15:00.

Hugs å ta med legitimasjon når du skal få utferda studiekort. Gamle kort frå tidligare studium ved OsloMet kan aktiverast igjen ved å sende e-post til kortsenteret@oslomet.no.

Anna

Informasjonssenteret i Pilestredet 35 finn du i 1. etasje ved hovudinngangen. Dei svarer på alt av praktiske spørsmål, semesterregistrering og liknande.

Trådlaust nettverk kan nyttast på Campus.

Dersom det er spesielle behov for tilrettelegging av eksamen, er søknadsfristen for dette 1. februar for våren og 1. september for hausten. Merk at søknaden må også ha vedlagt attest/uttale frå lege. Meir informasjon på Studentweb og lengre opp på sida om eksamen. Ved spørsmål bruk sam-evo@oslomet.no.

Studieinfokontakt

Kontakt oss

Team for etterutdanning, videreutdanning og oppdragsundervisning

E-post :