EPN

Norsk 2, trinn 1-7 Programplan

Engelsk programnavn
Norwegian 2 for Primary School Teachers
Gjelder fra
2021 HØST
Studiepoeng
30 studiepoeng
Varighet
2 semestre
Programhistorikk

Innledning

Programplanen byggjer på forskrift om rammeplan for grunnskulelærarutdanning for trinn 1 – 7, fastsett av Kunnskapsdepartementet 7. juni 2016, nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanninga trinn 1 – 7, revidert 17.10.2018 og programplan for grunnskulelærarutdanning for trinn 1 – 7 ved OsloMet  –  storbyuniversitet, fastsett av studieutvalet 16. november 2016.

Norsk 2 byggjer på norsk 1. Emnet gjev historisk bakgrunn og meir omfattande kunnskap om sentrale språklege og litterære emne, djupare innsikt i fagdidaktiske spørsmål i begynnaropplæringa og i norskundervisninga på mellomtrinnet, og betre fagleg grunnlag for arbeid med læringsfremjande vurdering og tilpassa norskopplæring for alle elevar. Studentane får eit godt høve til å vidareutvikle sine eigne språkferdigheiter og eigen tekstkompetanse og formidlingsevne.

Som språkfag har norsk ein særeigen posisjon. Språket spelar ei grunnleggande  rolle for læring, kritisk tenking og kommunikasjon. Dette heng tett saman med identitetsutviklinga til språkbrukaren og kultur- og samfunnsutviklinga gjennom historia. Samstundes er språket inngangen til ei aktiv deltaking i arbeidslivet og demokratiske prosessar. Gjennom arbeid med språk og tekstar skal norskfaget i lærarutdanninga leggje grunnlaget for at studentane kan bidra til at elevar blir trygge og aktive språkbrukarar som utviklar språk- og tekstkunnskap tilpassa trinn og alder.

Litterære tekstar går i aktiv dialog med utvikling og spenningar i kulturen, livsvilkår og tenkemåtar. Både fiksjons- og saktekstar  gjev innsyn i kulturelle og historiske referanserammer og innbyr til refleksjon og kritisk tenking. Skjønnlitteratur har på same tid eit særleg potensial for styrking av førestellingsevne og empati. Arbeid med tekstar i ulike medium og sjangrar og frå ulike perspektiv – estetiske, kommunikative, kulturelle og historiske – skal leggje grunnlaget for gode tekstval og fagleg litteraturarbeid som innbyr elevar på trinn 1–7 til oppleving og tolking, nyskaping og kritisk refleksjon.

Å lytte og tale, lese og skrive, sjå og vise er sentrale aktivitetar i all kommunikasjon og læring. Norskfaget gjev spesialisert kunnskap om slike prosessar og rikeleg høve til å praktisere dei i fagleg arbeid. Studentane skal vidareutvikle evna til å vurdere og diskutere eigne og andre sine tekstar og til å bruke relevante tekstar og medium i fagleg arbeid. Dei skal lære å forstå korleis elevar utviklar og vidareutviklar grunnleggjande munnleg og skriftleg tekstkyndigheit, og dei skal rustast til fagspesifikk undervisning i lesing, skriving og munnleg aktivitet tilpassa elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter på trinn 1–7.

Vidareutdanningstilbodet Norsk nivå 2 1.-7. trinn er fornya i tråd med det nye læreplanverket (2020) og behova i framtidas skule. I tråd med det nye læreplanverket skal norskfaget gjerast praktisk relevant for alle elevar. Det dei lærer skal kunne brukast praktisk, styrke deira kritiske erkjenning til tekster og gje dei eit språk å tenkje med. Norsk 2 gjev studentane ein norskfagleg fordjuping gjennom  eit samspel mellom forskingsbasert teoretisk kunnskap, praksiserfaring og studentane sitt eige arbeid med arbeidsmetodar, språk og tekstar.

I tråd med ny læreplan vektlegg Norsk 2 kunnskap om og erfaring med kjerneelementa i norskfaget, utforskande arbeidsmåtar, estetiske tilnærmingar og aktivitetar som stimulerer til leik og bevegelse. Norsk 2 integrerer tverrfaglege tema som folkehelse og livsmeistring, demokrati og berekraftig utvikling. Trening av tolkingskompetanse og kritisk tilnærming til tekst er ein grunnleggjande del av norskfaget, og er med å styrke demokratisk deltakarkompetanse. Elevane skal lese tekstar for å oppleve, bli engasjert, undre seg, lære og få innsikt i andre menneske sine tankar og livsvilkår. Skjønnlitteraturen sin særlege evne til å styrke førestillingsevne og empati kjem inn som ein viktig del av arbeidet med folkehelse og livsmeistring og berekraftig utvikling.

Norsklærarane skal lære elevane å gjere sjølvstendige og kvalifiserte val av litteratur som interesserer dei. Opplæring i tekstval står difor sentralt. Studiet vil gje fordjupa kunnskap og fagleg refleksjon. Samstundes vil studiet gje forskingsbasert undervisning om ulike arbeidsmetodar og bruk av digitale verktøy.  Norsk 2 vil ivareta eit interkulturelt perspektiv, og vidareutvikle studenten sitt faglege og didaktiske grunnlag for tilpassa opplæring i norskfaget. Kurs innhaldet vil vere basert på ny forskingsbasert kunnskap om norskundervisning.

Arbeidskrava vil bli tilpassa den aktuelle elevgruppa som lærarane på kurset har på sin arbeidsplass, og innebere kunnskapsdeling på eigen skule. Undervisningsmetodar og val av litteratur som styrker elevane sin lesemotivasjon er ein sentral del av studiet, det same gjeld kritisk refleksjon om val av læringsmiljø, hjelpemiddel og lærebøker.

Norsk 2 trinn 1-7 er eit studietilbod i regi av eining for oppdrag og vidareutdanning ved fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium, og er  eit tilbod innanfor Kompetanse for kvalitet – strategi for vidareutdanning av lærarar.

Målgruppe

Målgruppa for studiet er lærare med godkjend lærarutdanning for undervisning i grunnopplæringa. 

Opptakskrav

Opptakskrav er bestått lærarutdanning. Samstundes er det krav om bestått norsk 1 trinn 1-7 (30 studiepoeng) eller tilsvarande (for eksempel norsk 1, 30 studiepoeng, frå allmennlærarutdanninga). Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvikast dersom søkjaren berre manglar faget ho/han søkjer på, for å fullføre godkjend lærarutdanning. Studentar som får studieplass, må vere i arbeid som lærar i grunnskulen eller ha kontakt med ein skule der det er mogleg å ta aktivt del i norskopplæring. 

Læringsutbytte

For nærare informasjon, sjå emneplanane.

Innhold og oppbygging

Norsk 2 trinn 1-7 (30 studiepoeng) er eit deltidsstudium med samlingar på OsloMet. Mellom samlingene har studentane arbeidskrav knytt til undervisning i grunnskulen, som leverast på universitetes digitale læringsplattform. Studiet er bygd opp av to emne á 15 studiepoeng. Innhaldet i emne 2 byggjer på innhaldet i emne 1.

  • Emne 1:  Skjønnlitterære klassikarar for barn, ungdom og vaksne, barnelitteraturhistorie. Skriving og skriveopplæring - også i eit historisk perspektiv. Språkleg variasjon, elevane sin skapende tekstproduksjon og val av litteratur og arbeidsmåtar.
  • Emne 2: Samtidslitteratur for barn og unge, samansette tekstar i ulike medium.Litteraturteori, utforskande arbeidsmåtar, arbeid med lesemotivasjon, tilpassa opplæring, lese- og skrivevanskar. Munnlegheit, begynnaropplæring og den andre leseopplæringa.

Studiet er lagt opp for å sikre ein god heilskap og progresjon frå emne 1 til emne 2. Norsk 2-faget er profesjonsinnretta med vekt på forskingsbasert teori, læreplanforankring og didaktikk. Faget gir djupare innføring i norskfaget sine kjerneelement: tekst i kontekst, kritisk tilnærming til tekst, munnleg kommunikasjon, skriftleg tekstskaping, språket som system og moglegheit og språkleg mangfald. I tillegg gir faget ei djupare innføring i dei grunnleggjande ferdighetene: munnlegheit, skriving, lesing og digitale ferdigheiter og tverrfaglege tema som folkehelse og livsmestring, demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling. Studiet  gir innføring i eit rikt og variert utval av tekstar både til personleg og fagleg vekst og til bruk i undervisning for både gutar og jenter på 1.- 7. trinn.

Studiet gir ei fagdidaktisk tilnærming til sentrale emne i tekstfaget norsk: skjønnlitteratur, sakprosa, multimodale tekstar, språkkunnskap og lese- og skriveopplæring. Tilpassa opplæring og den fleirkulturelle skulen er eit gjennomgåande perspektiv. 

Studentane skal lære å analysere, vurdere og formulere faglege og metodiske problemstillingar. Læreplanforståing og kunnskap om vurdering er ein del av studiet, og studentane lærer å evaluere arbeida til kvarandre og eigne arbeid og prestasjonar. Dei skal drøfte vurderingskriterium og premissar for responsarbeid i studiet og i eigen praksis.

Valgfritt emne Løper over flere semestre

1. studieår

1. semester

2. semester

Arbeids- og undervisningsformer

Kvart emne har tre samlingar og avsluttande eksamen. Kvar samling går over to dagar. I Norsk 2-faget blir det nytta varierte metodar og tilnærmingar til undervisning. Deltakarane arbeider i faste grupper. Gruppene støttar kvarandre i arbeidet, utvekslar erfaringar på nettet og kommenterer oppgåver for kvarandre. Nokre arbeidskrav er knytte til gruppearbeid (sjå meir under kvart emne).

Dialogen mellom student og lærar, oppgåveinnleveringar, faglege ressursar og individuell oppfølging frå lærar skjer hovudsakleg i nettbasert forum. I tillegg til undervisning blir samlingane brukte til erfaringsdeling med utgangspunkt i praksisopplegg deltakarane gjennomfører i eigen klasse.

Deltakarane arbeider med didaktiske oppgåver til fagstoffet mellom samlingane. Oppgåvene bind saman teoretisk fagstoff, didaktisk refleksjon og praksisaktivitetar i klasserommet.

Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

Det er knytt arbeidskrav til kvart emne. Desse arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen. Sjå meir om arbeidskrav under emne 1 og emne 2.

Arbeidskrav skal vere leverte/utførte innan fastsett(e) frist(ar). Fråvær dokumentert med til dømes sjukemelding, fritar ikkje for å innfri arbeidskrav. Studentar som på grunn av sjukdom eller annan dokumentert årsak ikkje leverer/utfører arbeidskrav innan fristen, kan få forlenga frist. I kvart enkelt høve må studenten avtale ny frist med læraren for å innfri arbeidskravet.

Arbeidskrav blir vurdert til godkjend eller ikkje godkjend. Studentar som leverer/utfører arbeidskrav innan fristen, men som får vurderinga Ikkje godkjend, har høve til maksimum to nye innleveringar/utføringar. Studentane må då sjølve avtale ny innlevering og vurdering av arbeidskravet med faglærar.

Vurdering og sensur

Avsluttande eksamen i emne 1 vert gjennomført i haustsemesteret, avsluttande eksamen i emne 2 i vårsemesteret.

Haust: Munnleg eksamen. A-F.

Vår: Skriftleg eksamen. Sjølvvalgt FoU-arbeid. A-F.

Retten til å gå opp til eksamen føreset godkjende arbeidskrav. Det blir nytta gradert karakterskala frå A til E for bestått og F for ikkje bestått. Sjå meir om vurdering og eksamen under kvart emne.

Forklaring på graderte karakterar:

A: Arbeidet er ein framifrå prestasjon som klart skil seg ut. Det vitnar om særs god fagkunnskap, stor grad av sjølvstendig tenking og har særs godt språk.

B: Arbeidet er ein mykje god prestasjon som ligg over gjennomsnittet. Det vitnar om mykje god fagkunnskap, sjølvstendig tenking og har mykje godt språk

C: Arbeidet er ein gjennomsnittleg prestasjon som har innslag av sjølvstendig tenking og er tilfredsstillande når det gjeld fagkunnskap og språk.

D: Arbeidet er ein prestasjon under gjennomsnittet med manglar i fagkunnskap og/eller språk.

E: Arbeidet har store manglar i fagkunnskap og/eller språk, men tilfredsstiller minimumskrava.

F: Arbeidet tilfredsstiller ikkje minimumskrava til fagkunnskap og/eller språk.

Ny/utsett eksamen

Studentens rettar og plikter ved ny/utsett eksamen framgår av Forskrift om studier og eksamen ved OsloMet. Studentar er sjølve ansvarlege for å melde seg opp til eventuell ny/utsett eksamen.

Øvrig informasjon

Programplan for norsk 2, trinn 1–7 (30 studiepoeng) – oppdrag

Norwegian 2 for Primary School Teachers, Level 1–7

Studieprogramkode: NORDO

Emnekoder: NORD6210 og NORD 6220

30 studiepoeng

Nett- og samlingsbasert vidareutdanning

Deltid

Godkjent av prodekan for studiar 13. februar 2015

Siste revisjon godkjent av prodekan for studiar 25. januar 2021

Programplan gjeld frå haustsemesteret 2021  

Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium

Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning