EPN

Norsk 1, trinn 1-7 Programplan

Engelsk programnavn
Norwegian 1 for Primary School Teachers
Gjelder fra
2023 HØST
Studiepoeng
30 studiepoeng
Varighet
2 semestre
Programhistorikk

Innledning

Programplanen byggjer på forskrift om rammeplan for grunnskolelærarutdanning for trinn 1 – 7, fastsett av Kunnskapsdepartementet 7. juni 2016, nasjonale retningslinjer for grunnskolelærarutdanninga trinn 1 – 7 av 1. september 2016 og programplan for grunnskolelærarutdanning for trinn 1 – 7 ved OsloMet  –  storbyuniversitet, fastsett av studieutvalet 16. november 2016.

Norsk er eit obligatorisk fag i grunnskolelærarutdanninga for 1. – 7. trinn. Norsk 1-studiet skal gjere lærarar i stand til å møte norskfaglege utfordringar i eit fleirkulturelt og multimedialt samfunn. Studiet skal gi studentane høve til å utvikle eit fagleg og didaktisk grunnlag for tilpassa norskopplæring i grunnskolen. Dei skal kunne nytte ulike arbeidsmåtar som passar frå første til og med sjuande trinn.  Arbeidet med norskfaget skal sikre eit vekselspel mellom teoretisk kunnskap, praksiserfaring, studentane sitt eige arbeid med språk og tekstar og didaktisk refleksjon. Eit overordna mål for studiet er å gje lærarar på barnetrinnet ei god forståing av  norskfaget slik det no er utforma i det nye læreplanverket og gjere dei i stand til å implementere den nye læreplanen i norskundervisninga på sin arbeidsplass. Fagplanen i norsk vil bli analysert og sett i lys av verdiar og prinsipp i overordna del med fokus på fagets hovudintensjonar. Arbeid med kjerneelement i faget vil vere sentralt, og undervisninga vil dekkje temaa tekst i kontekst, kritisk tilnærming til tekst, munnleg kommunikasjon, skriftleg tekstskaping, språket som system og moglegheit samt språkleg mangfald.

Kursinnholdet vil være basert på ny, forskingsbasert kunnskap om norskundervisning. I begge emne vil det vere arbeidsoppgåver (arbeidskrav) mellom samlingane knytt til fagleg refleksjon, praksiserfaringar og kunnskapsdeling på eigen skole. Fagdidaktiske problemstillingar er ein viktig del av studiet, som det å bruke og drøfte ulike læringsmiljø, undervisningsmetodar, hjelpemiddel og lærebøker. I tråd med innhaldet i det nye læreplanverket legg studiet vekt på kunnskap om bruk av estetiske arbeidsformer, utforskande tilnærmingar og bruk av digitale verktøy. tema?

I emne 1 er hovudområda grunnleggande skrive- og leseopplæring og språket som system og mogelegheit. Sentrale emne er barns språkutvikling, ordforråds- og omgrepslæring, grammatikken i bruk og andrespråklæring. I tillegg lærer studenten om praktisk arbeid med lyrikk i skolen og får auka kompetanse i å vurdere elevtekstar og elevars skriveutvikling. I undervisninga vil det bli lagt vekt på å utvikle kunnskap og ferdigheiter som rustar å bruke kreative og utforskande arbeidsmåtar i norskfaget. Dette blir vidareutvikla og utdjupa i emne 2. Kunnskap om og praktisk bruk av digitale arbeidsmåter i begynnaropplæringa blir òg vektlagt.

I emne 2 er hovudområda vidareutvikling av lese- og skriveferdigheiter, munnleg kommunikasjon, litteratur og litterær danning. Studentane skal få kunnskap og ferdigheiter til å vidareutvikle elevane sine lese- og skriveferdigheiter, munnlege ferdigheiter og skapande skriving. Studentane vil få brei innsikt i korleis arbeid med barnelitteratur og sakprosa kan engasjere barn og unge og bidra til identitetsutvikling. Studentane vil også få kunnskap om nyare forsking på lesing, samtale og estetiske arbeidsmåtar knytt til tverrfaglege tema som livsmeistring, demokrati og berekraftig utvikling.

Hovudfokus vil vere didaktisk arbeid med nyare litteratur, men studentane vil også arbeide med eldre tekster. Det er ei utvida tekstforståing som ligger til grunn for studiet, og studentane vil arbeide med bildebøker, romanar, noveller, filmatiserte og digitaliserte tekstar samt forteljingar frå fortid og notid på norsk, dansk og svensk og i omsetjing frå samisk og andre språk. Emnet vil også innehalde studium av og bruk av sakprosatekstar i undervisning, samt arbeid med kritisk tenking og argumenterande skriving knytt til dette.

 Norsk 1 trinn 1 – 7 er eit studietilbod i regi av lærarutdanninga sin etterutdannings- og oppdragsverksemd, og blir tilbydd som del av vidareutdanningsstrategien Kompetanse for kvalitet – strategi for vidareutdanning av lærarar.

Målgruppe

Målgruppa for studiet er lærarar med godkjend lærarutdanning for undervisning i grunnopplæringa.

Opptakskrav

Opptakskrav er bestått lærarutdanning innretta for undervisning i grunnskolen. Søkjarar med bestått førskole- eller barnehagelærarutdanning må ha tilleggsutdanning for å undervise i barneskolens 1. til 4. trinn (GLSM 60 studiepoeng eller GLSM 30 og 30 studiepoeng i matematikk eller norsk retta mot barnetrinnet eller PAPS 1+2). Kvalifiserte søkjarar må ha minimum 30 studiepoeng i norsk eller tilsvarande (til dømes norsk 1 (30 studiepoeng) frå si tidlegare utdanning). Studentar som får studieplass, må vere i arbeid som lærar eller ha kontakt med ein skole der det er mogleg å ta aktivt del i norskundervisning. Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvikast dersom søkjaren berre manglar faget ho/han søkjer på, for å fullføre lærarutdanninga si.

Læringsutbytte

For nærare informasjon, sjå emneplanane.

Innhold og oppbygging

Norsk I for trinn 1-7 er bygt opp av to emne à 15 studiepoeng. Minste kompetansegivande eining for norsk 1 er 30 studiepoeng. Norskfaget i grunnskolelærarutdanninga trinn 1.-7. går over eitt studieår. For å oppnå 30 studiepoeng må studentane bestå både emne 1 og 2. Studiet er lagt opp for å sikre ein god progresjon frå emne 1 til emne 2. Til saman utgjer norskfaget ein heilskap som gir deltakaren høve til å tileigne seg kunnskapar om norsk språk og norsk tekstkultur og om didaktiske teoriar knytte til norskopplæring. 

Emne 1 Grunnleggande lese- og skriveopplæring, språket som system og språket i bruk.

Emne 2 Vidareutvikling av lese- og skriveferdigheiter, litteratur og litterær danning.

Sjå meir omfattande omtale av innhaldet nedanfor.

Valgfritt emne Løper over flere semestre

Arbeids- og undervisningsformer

For nærare informasjon, sjå emneplanane.

Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

Det er knytt arbeidskrav til kvart emne. Retten til å gå opp til eksamen i norsk emne 1 og 2 føreset godkjente arbeidskrav.

Sjukemelding fritar ikkje for å innfri arbeidskrava. Studentar som på grunn av sjukdom eller annan dokumentert gyldig årsak ikkje leverer/utfører arbeidskrav innan fristen, kan få forlenga frist. Ny frist for å innfri arbeidskrava må i kvart einskilt høve avtalast med faglærar.

Eit arbeidskrav blir vurdert til "godkjent" eller "ikkje godkjent". Studentar som leverer/utfører arbeidskrav innan fristen, men som får vurderinga "ikkje godkjent", har høve til maksimum to nye innleveringar/utføringar. Studenten må då sjølv avtale ny innlevering av arbeidskravet med faglærar. Studentar som ikkje leverer/utfører arbeidskrav innan fristen, får ingen nye forsøk.

Vurdering og sensur

Avsluttande eksamen i emne 1 er i slutten av haustsemestret. Avsluttande eksamen i emne 2 er i slutten av vårsemestret. Dei to emna heng saman og emne 2 byggjer på emne 1. 

For nærare informasjon om avsluttande vurdering, sjå emneplanane.

Ny/utsett eksamen

Studentens rettar og plikter ved ny/utsett eksamen framgår av forskrift om studium og eksamen ved OsloMet. Studenten er sjølv ansvarleg for å melde seg opp til eventuell ny/utsett eksamen.

Karakterskala

Karakter A: Arbeidet er ein framifrå prestasjon som klart skil seg ut. Det vitnar om særs god fagkunnskap, stor grad av sjølvstendig tenking og har særs godt språk. 

Karakter B: Arbeidet er ein mykje god prestasjon som ligg over gjennomsnittet. Det vitnar om mykje god fagkunnskap, sjølvstendig tenking og har mykje godt språk. 

Karakter C: Arbeidet er ein gjennomsnittleg prestasjon med innslag av sjølvstendig tenking. Det er tilfredsstillande når det gjeld fagkunnskap og språkleg utforming. 

Karakter D: Arbeidet er ein prestasjon under gjennomsnittet med manglar i fagkunnskap og/eller i språkleg utforming. 

Karakter E: Arbeidet har store manglar i fagkunnskap og/eller i språkleg utforming, men tilfredsstiller minimumskrava.

Karakter F (Ikkje godkjent): Arbeidet tilfredsstiller ikkje minimumskrava til fagkunnskap og/eller til språkleg utforming. 

Høve til å klage

Det kan klagast over karakterfastsetting og på formelle feil i samsvar med lov om universiteter og høyskoler, jf. også forskrift om studium og eksamen ved Høgskolen i Oslo og Akershus.

Øvrig informasjon

Programplan for norsk 1, trinn 1–7  – oppdrag

Norwegian 1 for Primary School Teachers

Studieprogramkode: NORCO

30 studiepoeng

Nett- og samlingsbasert vidareutdanning

Deltid

Godkjent av prodekan for studier 13. februar 2015

Siste redaksjonelle endring 25.11.2020.

Fagplan gjeld frå haustsemesteret 2021

Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium

Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning