EPN

Norsk 1, trinn 1-7 Programplan

Engelsk programnavn
Norwegian 1 for Primary School Teachers
Gjelder fra
2021 HØST
Studiepoeng
30 studiepoeng
Varighet
2 semestre
Programhistorikk

Innledning

Programplanen byggjer på forskrift om rammeplan for grunnskolelærarutdanning for trinn 1 – 7, fastsett av Kunnskapsdepartementet 7. juni 2016, nasjonale retningslinjer for grunnskolelærarutdanninga trinn 1 – 7 av 1. september 2016 og programplan for grunnskolelærarutdanning for trinn 1 – 7 ved OsloMet  –  storbyuniversitet, fastsett av studieutvalet 16. november 2016.

Norsk er eit obligatorisk fag i grunnskolelærarutdanninga for 1. – 7. trinn. Norsk 1-studiet skal gjere lærarar i stand til å møte norskfaglege utfordringar i eit fleirkulturelt og multimedialt samfunn. Studiet skal gi studentane høve til å utvikle eit fagleg og didaktisk grunnlag for tilpassa norskopplæring i grunnskolen. Dei skal kunne nytte ulike arbeidsmåtar som passar frå første til og med sjuande trinn.  Arbeidet med norskfaget skal sikre eit vekselspel mellom teoretisk kunnskap, praksiserfaring, studentane sitt eige arbeid med språk og tekstar og didaktisk refleksjon. Eit overordna mål for studiet er å gje lærarar på barnetrinnet ei god forståing av  norskfaget slik det no er utforma i det nye læreplanverket og gjere dei i stand til å implementere den nye læreplanen i norskundervisninga på sin arbeidsplass. Fagplanen i norsk vil bli analysert og sett i lys av verdiar og prinsipp i overordna del med fokus på fagets hovudintensjonar. Arbeid med kjerneelement i faget vil vere sentralt, og undervisninga vil dekkje temaa tekst i kontekst, kritisk tilnærming til tekst, munnleg kommunikasjon, skriftleg tekstskaping, språket som system og moglegheit samt språkleg mangfald.

Kursinnholdet vil være basert på ny, forskingsbasert kunnskap om norskundervisning. I begge emne vil det vere arbeidsoppgåver (arbeidskrav) mellom samlingane knytt til fagleg refleksjon, praksiserfaringar og kunnskapsdeling på eigen skole. Fagdidaktiske problemstillingar er ein viktig del av studiet, som det å bruke og drøfte ulike læringsmiljø, undervisningsmetodar, hjelpemiddel og lærebøker. I tråd med innhaldet i det nye læreplanverket legg studiet vekt på kunnskap om bruk av estetiske arbeidsformer, utforskande tilnærmingar og bruk av digitale verktøy. tema?

I emne 1 er hovudområda grunnleggande skrive- og leseopplæring og språket som system og mogelegheit. Sentrale emne er barns språkutvikling, ordforråds- og omgrepslæring, grammatikken i bruk og andrespråklæring. I tillegg lærer studenten om praktisk arbeid med lyrikk i skolen og får auka kompetanse i å vurdere elevtekstar og elevars skriveutvikling. I undervisninga vil det bli lagt vekt på å utvikle kunnskap og ferdigheiter som rustar å bruke kreative og utforskande arbeidsmåtar i norskfaget. Dette blir vidareutvikla og utdjupa i emne 2. Kunnskap om og praktisk bruk av digitale arbeidsmåter i begynnaropplæringa blir òg vektlagt.

I emne 2 er hovudområda vidareutvikling av lese- og skriveferdigheiter, munnleg kommunikasjon, litteratur og litterær danning. Studentane skal få kunnskap og ferdigheiter til å vidareutvikle elevane sine lese- og skriveferdigheiter, munnlege ferdigheiter og skapande skriving. Studentane vil få brei innsikt i korleis arbeid med barnelitteratur og sakprosa kan engasjere barn og unge og bidra til identitetsutvikling. Studentane vil også få kunnskap om nyare forsking på lesing, samtale og estetiske arbeidsmåtar knytt til tverrfaglege tema som livsmeistring, demokrati og berekraftig utvikling.

Hovudfokus vil vere didaktisk arbeid med nyare litteratur, men studentane vil også arbeide med eldre tekster. Det er ei utvida tekstforståing som ligger til grunn for studiet, og studentane vil arbeide med bildebøker, romanar, noveller, filmatiserte og digitaliserte tekstar samt forteljingar frå fortid og notid på norsk, dansk og svensk og i omsetjing frå samisk og andre språk. Emnet vil også innehalde studium av og bruk av sakprosatekstar i undervisning, samt arbeid med kritisk tenking og argumenterande skriving knytt til dette.

 Norsk 1 trinn 1 – 7 er eit studietilbod i regi av lærarutdanninga sin etterutdannings- og oppdragsverksemd, og blir tilbydd som del av vidareutdanningsstrategien Kompetanse for kvalitet – strategi for vidareutdanning av lærarar.

Målgruppe

Målgruppa for studiet er lærarar med godkjend lærarutdanning for undervisning i grunnopplæringa.

Opptakskrav

Opptakskrav er bestått lærarutdanning. Studentar som får studieplass, må vere i arbeid som lærar eller ha kontakt med ein skole der det er mogleg å aktivt ta del i norskundervisning. Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvikast dersom søkjaren berre manglar faget ho/han søkjer på, for å fullføre lærarutdanninga si.

Læringsutbytte

Etter fullført studium har kandidaten god kunnskap om begynnaropplæring, andrespråkslæring og grammatiske og estetiske sider ved språket og kan bruke denne kunnskapen i klasserommet. Kandidaten har også god kunnskap om barne- og ungdomslitteratur (ulike typar tekstar, multimodale, skjønnlitteratur og sakprosa), og didaktisk bruk av desse tekstane. I tillegg har kandidaten ei brei forståing av den andre lese- og skrivefasen og korleis ein kan leggje til rette for god opplæring i munnleg norsk, lesing og skriving.

For meir detaljert omtale av læringsutbytte, sjå emneplanane.

Innhold og oppbygging

Norsk I for trinn 1-7 er bygt opp av to emne à 15 studiepoeng. Norskfaget i grunnskolelærarutdanninga trinn 1.-7. går over eitt studieår. For å oppnå 30 studiepoeng må studentane bestå både emne 1 og 2. Studiet er lagt opp for å sikre ein god progresjon frå emne 1 til emne 2. Til saman utgjer norskfaget ein heilskap som gir deltakaren høve til å tileigne seg kunnskapar om norsk språk og norsk tekstkultur og om didaktiske teoriar knytte til norskopplæring. 

Emne 1 Grunnleggande lese- og skriveopplæring, språket som system og språket i bruk.

Emne 2 Vidareutvikling av lese- og skriveferdigheiter, litteratur og litterær danning.

Sjå meir omfattande omtale av innhaldet i emneplanane.

Valgfritt emne Løper over flere semestre

Arbeids- og undervisningsformer

Studiet er eit kombinert nettbasert og samlingsbasert studium. Kvart emne har tre fysiske samlingar på OsloMet og avsluttande eksamen. Kvar samling går over to dagar. Mellom samlingane er det nettbasert arbeid. Undervisninga i faget går over to semester og tar i bruk varierte arbeidsformer og undervisningsmetodar. Individuelt arbeid i form av sjølvstudium, fagskriving og oppgåveløysing vekslar med medstudentrespons, gruppearbeid og forelesingar. Det er eksamen i begge semester.

Dialogen mellom student og lærar, oppgåveinnleveringar, faglege ressursar og individuell oppfølging frå lærar skjer i universitets læringsplattform. I tillegg til undervisning blir samlingane brukte til erfaringsdeling med utgangspunkt i praksisopplegg deltakarane gjennomfører i eigen klasse.

Deltakarane arbeider med didaktiske oppgåver til fagstoffet mellom samlingane. Oppgåvene knyter saman teoretisk fagstoff, didaktisk refleksjon og praksisaktivitetar i klasserommet.

Digital kompetanse

Digital kompetanse og kunnskap om bruk av digitale verktøy er integrert i arbeidsmåtane i faget. Studenten skal til dømes bruke avansert tekstbehandling og ulike digitale verktøy i universitetets læringsplattform. Fleire av arbeidskrava på kurset inneber bruk av digitale verktøy. Undervisninga vil også tematisere digitale verktøy i begynnaropplæring og på mellomtrinnet.

Vurderingskompetanse

Studentane skal lære å vurdere elevens utvikling innan dei ulike delane av norskfaget. Dei skal tileigne seg kunnskap om korleis ulike vurderingsformer blir utvikla og fungerer. Studentane får øving i å reflektere didaktisk om vurdering og brukar ulike vurderingsformer i arbeid med litterære og språklege emne. Læreplanforståing og kunnskap om vurderingsmåtar er tema både i emne 1 og emne 2.

Arbeidet med vurdering undervegs i norskstudiet tar sikte på å vidareutvikle studentane si evne til å reflektere over praktiske og teoretiske tilnærmingsmåtar til faget. Studentane skal lære å analysere, vurdere og formulere faglege og metodiske problemstillingar. Gjennom arbeid med vurdering av skriftlege og munnlege tekstar tileignar studentane seg kompetanse i å evaluere eigne og andre sine  arbeid og prestasjonar.

Lærararbeid i det mangfaldige klasserommet

Studentane skal tileigne seg kunnskap og ferdigheiter som gjer dei i stand til å møte og forstå ulikskap og bruke mangfaldet som ein ressurs i norskfaget. Studiet vektlegg korleis barn og unges identitet blir danna og utvikla i eit samfunn med stort mangfald. Dette perspektivet blir vektlagt både når det gjeld språk og litteraturarbeid. Studiet vektlegg i tillegg korleis læraren skal legge til rette for læring også for elevar som har eit anna førstespråk enn norsk.

Begynnaropplæring og estetiske arbeidsmåtar

Estetiske arbeidsmåtar er ein viktig del av norskfaget og studentane vil møte undervisning både teoretisk og praktisk om dette. Det gjeld både i undervisninga om begynnaropplæring, som står sentralt i heile emne 1, men også i stor grad i undervisninga om litteratur og den andre lesefasen i emne 2. Det gjeld til dømes munnleg forteljing, lyrikk, bildebøker og samansette sakprosatekstar. Det å stimulere elevanes sansar på fleire måtar blir vektlagd.

Livsmeistring, demokrati  og berekraftig utvikling

Trening av tolkingskompetanse er ein grunnleggande del av norskfaget og er med å styrke demokratisk deltakarkompetanse. Skjønnlitteraturens særlege evne til å styrke førestellingsevne og empati kjem inn som ein viktig del av arbeidet med psykososialt arbeidsmiljø. Også arbeid med språkleg mangfald er relevant når det gjeld dette, mellom anna gjennom å lære å sjå kritisk på og vere medviten om korleis andre og ein sjølv brukar språket. I vårsemesteret blir det undervist i økokritiske perspektiv og spørjemåtar som ein del av arbeidet med skjønnlitteratur.

Samiske forhold og rettar

Kunnskap om samisk språk, litteratur og kultur er ein del av norskfaget. I norsk 1 legg undervisninga vekt på samiske eventyr og segner, og samisk språk blir trekt inn i omtale av språksituasjonen i Noreg.

Forskingsforankring

Gjennom møtet med forskingsartiklar skal studentane utvikle evne til kritisk refleksjon over eigen og skolens kollektive praksis. I studiet blir studentane introduserte for forskingsbasert kunnskap og tileignar seg kompetanse i å kunne vurdere og bruke relevante forskingsresultat.

Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

Det er knytt arbeidskrav til kvart emne. Retten til å gå opp til eksamen i norsk emne 1 og 2 føreset godkjente arbeidskrav. For nærare informasjon om innhaldet i arbeidskrav, sjå den enkelte emneplanen.

Sjukemelding fritar ikkje for å innfri arbeidskrava. Studentar som på grunn av sjukdom eller annan dokumentert gyldig årsak ikkje leverer/utfører arbeidskrav innan fristen som er sett, kan få forlenga frist. Ny frist for å innfri arbeidskrava må i kvart einskilt høve avtalast med faglærar

Studentar som leverer/utfører arbeidskrav innan fristen, men som får vurderinga ”Ikkje godkjend”, har høve til to nye innleveringar. Studenten må da sjølv avtale ny innlevering av det aktuelle arbeidskravet med faglærar. Studentar som ikkje leverer/utfører arbeidskrav innan fristen og som ikkje har dokumentert gyldig årsak, får ikkje nye forsøk.

Vurdering og sensur

Avsluttande eksamen i emne 1 er i slutten av haustsemestret. Avsluttande eksamen i emne 2 er i slutten av vårsemestret. Dei to emna heng saman og emne 2 byggjer på emne 1.

Emne 1: NORC6110 Grunnleggande lese- og skriveopplæring, språket som system og språket i bruk. Individuell munnleg eksamen. Gradert karakter A – F.

Emne 2: NORC6120 Vidareutvikling av lese- og skriveferdigheiter, litteratur og litterær danning. Digital vurderingsmappe. Gradert karakter A – F.

Vurderingskriterium

A: Arbeidet viser framifrå kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget. Det vitnar om framifrå evne til fagleg refleksjon og sjølvstendig tenking. Arbeidet er særs godt og korrekt formulert språkleg.

B: Arbeidet viser mykje gode kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget. Det vitnar om mykje god evne til fagleg refleksjon og sjølvstendig tenking. Arbeidet er mykje godt og korrekt formulert språkleg.

C: Arbeidet viser gode kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget. Det vitnar om god evne til fagleg refleksjon og sjølvstendig tenking. Arbeidet er godt og korrekt formulert språkleg.

D: Arbeidet viser varierande og/eller avgrensa kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget. Det vitnar om varierande og/eller avgrensa evne til fagleg refleksjon og sjølvstendig tenking. Arbeidet er delvis godt og korrekt formulert språkleg.

E: Arbeidet tilfredsstiller minimumskrava til kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget. Det vitnar av og til om evne til fagleg refleksjon og sjølvstendig tenking. Arbeidet tilfredsstiller minimumskrava til god og korrekt språkleg framstilling.

F: Arbeidet viser utilstrekkelege kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget og/eller arbeidet tilfredsstiller ikkje minimumskrava til god og korrekt språkleg framstilling. Evne til refleksjon og sjølvstendig tenking kjem ikkje til uttrykk.

Øvrig informasjon

Programplan for norsk 1, trinn 1–7  – oppdrag

Norwegian 1 for Primary School Teachers

Studieprogramkode: NORCO

30 studiepoeng

Nett- og samlingsbasert vidareutdanning

Deltid

Godkjent av prodekan for studier 13. februar 2015

Siste redaksjonelle endring 25.11.2020.

Fagplan gjeld frå haustsemesteret 2021

Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium

Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning