EPN

Norsk 1, trinn 5-10 Programplan

Engelsk programnavn
Norwegian 1, grade 5-10
Gjelder fra
2023 HØST
Studiepoeng
30 studiepoeng
Varighet
2 semestre
Programhistorikk

Innledning

Programplanen bygger på Forskrift om plan for grunnskolelærerutdanning, trinn 5-10, fastsett av Kunnskapsdepartementet 7. juni 2016, Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanning, trinn 5-10 og Programplan for grunnskolelærerutdanning for trinn 5-10 ved OsloMet, fastsett av studieutvalet 16. november 2016.

Språk er grunnleggande for tenking, forståing, oppleving og kommunikasjon. Dette gjer norskfaget til eit sentralt fag i skole og lærarutdanning. Norsk er eit kunnskaps- og danningsfag, eit estetisk fag og eit reiskapsfag. Norskfaget har eit særleg ansvar for opplæring i tre av dei grunnleggande ferdigheitene: munnlege ferdigheiter, skriving og lesing. Norsklærarar må ha kunnskapar om språkutvikling, ord- og omgrepslæring. Dei må ha kunnskapar om utvikling av lesing og skriving, språk og litteratur. Lese- og skrivekunnskapar legg grunnlag for vidare utdanning og arbeidsliv. Norsklærarar må ha innsikt i litterære tekstar som kan engasjere barn og unge.

Mål for studiet er å gjere lærarar i stand til å møte norskfaglege utfordringar i eit fleirkulturelt og multimedialt samfunn. Studiet skal gi studentane høve til å utvikle eit fagleg og didaktisk grunnlag for tilpassa norskopplæring i grunnskolen. Arbeidet med norskfaget skal sikre eit vekselspel mellom teoretisk kunnskap, praksiserfaring, studentane sitt eige arbeid med språk og tekstar og didaktisk refleksjon.

Målgruppe

Studiet er ei samlingsbasert vidareutdanning  for lærarar på 5.-10. trinn som har mindre enn 30 studiepoeng i norsk. Norsk 1 trinn 5-10 er eit deltidsstudium, og studentane har arbeidskrav knytt til undervisning i grunnskolens 5.-10. trinn. Studiet er eit studietilbod i regi av lærarutdanninga si etterutdannings- og oppdragsverksemd, og er ein del av vidareutdanningsstrategien Kompetanse for kvalitet – strategi for vidareutdanning av lærarar.

Opptakskrav

Opptakskravet er allmenn-/grunnskole-/faglærerutdanning eller PPU. Studentar som får studieplass, må vere i arbeid som lærar eller ha kontakt med ein skole der det er mogleg å ta aktivt del i norskundervisning. Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvikast dersom søkaren berre manglar faget ho/han søker på, for å fullføre lærarutdanninga si.

Læringsutbytte

Sjå emneplanane.

Innhold og oppbygging

Studiet er bygd opp av to emne á 15 studiepoeng. Innhaldet i emne 2 bygger på innhaldet i emne 1.

For nærare informasjon, sjå emneplanane.

Valgfritt emne Løper over flere semestre

1. studieår

1. semester

2. semester

Arbeids- og undervisningsformer

Studiet er samlingsbasert på OsloMet. Kvart emne har tre samlingar og avsluttande eksamen. Kvar samling går over to dagar. Deltakarane arbeider i faste grupper. Gruppene støttar kvarandre i arbeidet, utvekslar erfaringar på nettet og kommenterer oppgåver. Nokre arbeidskrav er knytt til gruppearbeid (sjå meir under kvart emne).

Dialogen mellom student og lærar, oppgåveinnleveringar, faglege ressursar og individuell oppfølging frå lærar skjer i nettbasert forum. I tillegg til undervisning blir samlingane brukt til erfaringsdeling med utgangspunkt i praksisopplegg deltakarane gjennomfører i eigen klasse.

Deltakarane arbeider med didaktiske oppgåver til fagstoffet mellom samlingane. Oppgåvene knyter saman teoretisk fagstoff, didaktisk refleksjon og praksisaktivitetar i klasserommet.

Studentene skal lære å vurdere elevens utvikling i dei ulike delane av norskfaget. Dei skal tileigne seg kunnskap om vurderingskriterium og ulike vurderingsformer. Studentane får øving i å reflektere didaktisk om vurdering og bruker ulike vurderingsformer i arbeid med litterære og språklige emne. Læreplanforståing og kunnskap om vurderingsmåtar er sentrale tema.

Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

Det er knytt arbeidskrav til kvart emne. Desse arbeidskrava må vere bestått før studenten kan gå opp til eksamen. Sjå meir om arbeidskrav under emne 1 og emne 2.

Arbeidskrav skal vere levert/utført innan fastsett(e) frist(ar). Fråvær dokumentert med til dømes sjukemelding, fritar ikkje for å innfri arbeidskrav. Studentar som på grunn av sjukdom eller annan dokumentert årsak ikkje leverer/utfører arbeidskrav innan fristen, kan få forlenga frist. I kvart einskilde høve må ein avtale med læraren ny frist for å innfri arbeidskrav.

Arbeidskrav blir vurdert  til ”Fullført” eller ”Ikkje fullført”. Studentar som leverer/utfører arbeidskrav innan fristen, men som får vurderinga ”Ikkje fullført”, har høve til maksimum to nye innleveringar/utføringar. Studentane må då sjølve avtale ny innlevering og vurdering av arbeidskravet med faglærar.

Vurdering og sensur

Retten til å gå opp til eksamen føreset godkjende arbeidskrav. 

For nærare informasjon om avsluttande vurdering, sjå emneplanane.

Forklaring på graderte karakterar:

A: Arbeidet er ein framifrå prestasjon som klart skil seg ut. Det vitnar om særs god fagkunnskap, stor grad av sjølvstendig tenking og har særs godt språk.

B: Arbeidet er ein mykje god prestasjon som ligg over gjennomsnittet. Det vitnar om mykje god fagkunnskap, sjølvstendig tenking og har mykje godt språk.

C: Arbeidet er ein gjennomsnittleg prestasjon som har innslag av sjølvstendig tenking og er tilfredsstillande når det gjeld fagkunnskap og språk.

D: Arbeidet er ein prestasjon under gjennomsnittet med manglar i fagkunnskap og/eller språk.

E: Arbeidet har store manglar i fagkunnskap og/eller språk, men tilfredsstiller minimumskrava.

F (Ikkje godkjend): Arbeidet tilfredsstiller ikkje minimumskrava til fagkunnskap og/eller språk.

Ny/utsett eksamen

Studentens rettar og plikter ved ny/utsett eksamen framgår av Forskrift om studier og eksamen ved OsloMet. Studentar er sjølve ansvarlege for å melde seg opp til eventuell ny/utsett eksamen.

Høve til å klage

Det kan klagast over karakterfastsetting og på formelle feil i samsvar med lov om universiteter og høyskoler, jf. også forskrift om eksamen og studier ved OsloMet.

Øvrig informasjon

Programplan for norsk 1, trinn 5-10 (30 studiepoeng) – oppdrag

Norwegian Level 1, Secondary Classes

Programkode: KFKNU1

Programplan godkjend av studieutvalet 7. mai 2012

Siste revisjon godkjend av prodekan for studiar 04.12. 2015

Siste redaksjonelle endring 28.08.2023

Programplanen gjelda frå haustsemester 2021

Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium

Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning