Små sikkerheitsval gjer ein stor forskjell
Har du tenkt over kva du gjer om du får ein mistenkeleg e-post, mistar PC-en din eller opplever ei uønskt hending på campus? Dei fleste av oss gjer ikkje det før situasjonen oppstår.
Sikkerheit er alles ansvar
For mange studentar handlar kvardagen om forelesingar, innleveringar, deltidsjobb og eit aktivt sosialt liv.
OsloMet arbeider kvar einaste dag med sikkerheit og beredskap for å sikre at studietida på campus blir tryggast mogleg, men vi kan ikkje gjere dette utan hjelp frå dykk studentar.
Sikkerheit er ikkje berre eit ansvar for vektarar, IT-medarbeidarar eller «leiinga». Ein trygg campus blir skapt av alle som studerer og jobbar ved OsloMet.
Små valg i kvardagen teller
Heldigvis er det ofte dei små vala i kvardagen som har mest å seie for sikkerheita vår. Viss alle er litt meir merksame, litt meir førebudde og litt flinkare til å seie frå når noko verkar feil, bidrar vi saman til eit tryggare studiemiljø.
Enkle tips
- Kva viss? Ver førebudd. Gjer deg kjent med nødutgangar og nødnummer. På sikresiden.no får du gode førebyggande råd og informasjon om kva du kan gjere viss noko uønskt har skjedd.
- Følg med på omgivnadene dine og si frå om noko verkar feil. Ikkje tru at andre sikkert har gjort det før deg. Det er betre å melde frå ein gong for mykje. Telefonnummeret til vektarane står bak på inngangskortet ditt.
- Tenk før du klikkar på ei lenke. Ver skeptisk til meldingar som ber deg logge inn eller oppgi personopplysningar.
- Bruk sterke passord. Vel unike passord og aktiver tofaktorautentisering når det er mogleg.
- Lås PC-en når du går frå den. Det tar berre nokre sekund å verne informasjonen din.
Ta vare på deg sjølv, ta vare på dei rundt deg, og ikkje nøl med å be om hjelp eller seie frå dersom du kjenner at noko blir feil. Små handlingar kan utgjere ein stor forskjell.