Programplaner og emneplaner - Student
ØABAC3900 Bacheloroppgave Emneplan
- Engelsk emnenavn
- Bachelor Dissertation
- Omfang
- 15.0 stp.
- Studieår
- 2025/2026
- Emnehistorikk
-
- Pensum
-
HØST 2025
- Timeplan
-
Innledning
Studietilbodet består av følgjande fire emne à 15 studiepoeng:
- Emne 1: Lærerrolla og begynneropplæring i matematikk og norsk
- Emne 2: Vurdering og tilpassa opplæring i matematikk og norsk
- Emne 3: Norsk fordjuping
- Emne 4: Matematikk fordjuping
-
Forkunnskapskrav
Studiet er organisert som eit halvtidsstudium over to studieår, med vekt på arbeidsmåtar som fremmar aktiv deltaking: sjølvstudium av faglitteratur, aktiv deltaking i observasjon og undersøking, deltaking i faglege diskusjonar og framlegging av studentoppgåver. Det blir også gitt forelesingar og rettleiing og tilbakemelding frå lærarane. IKT er integrert fagleg og som reiskap i studiet.
Det fleirfaglege perspektivet
Det er ein samanheng i det faglege og didaktiske grunnlaget for lese-, skrive-, og matematikkopplæring. Men det vil ikkje seie at faggrensene er oppheva eller bør opphevast i studiearbeidet. Denne planen legg vekt på at studiet skal leggjast opp slik at ein sikrar at eigenarten og særtrekka ved faga blir utnytta og verdsett i eit vekselspel mellom teoretisk kunnskap, praksiserfaring og didaktisk refleksjon, i og på tvers av fag. Organiseringa av studiet i fleirfaglege og eittfaglege periodar skal gjere det mogeleg for studenten å utnytte og reflektere over kunnskap frå ulike fag i forhold til den komplekse og profesjonsretta begynnaropplæringa.
Profesjonstema
Studieeininga har følgjande profesjonstema:
Lærarens oppgåver i tråd med lover og forskrifter
- utviklingssamtale
- samtale med føresette
Planlegging og gjennomføring av undervisning
- års- og periodeplanlegging
- undervisningsplanlegging
- arbeidsmåtar
- læremiddel/bruk av IKT
Observasjon som pedagogisk reiskap
Klasseleiing
- tilretteleggje og leie læringsarbeidet til elevane
Vurdering
- ulike vurderingsformer
-
Læringsutbytte
Studenten skal etter å ha fullført emnet ha følgende totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten har
- kjennskap til ulike typer forskningsopplegg, har innsikt i forholdet mellom teori, data og virkelighet
- kunnskap om populasjon og utvalg, og om ulike analyse- og datainnsamlingsmetoder, både kvalitative og kvantitative
Ferdigheter
Studenten
- kan definere en problemstilling og formål og foreta avgrensning og definering av begreper og problemer
- kan anvende og begrunne valg av relevante metodeverktøy og arbeidsmåter innenfor finans, samfunnsøkonomi, litteraturstudier, kvantitative og/eller kvalitative forskningsdesign og metoder
- kan bruke aktuell teori og analysemetoder til å skrive en selvstendig oppgave
- kan søke etter informasjon, utøve kildekritikk, referere og sette opp litteraturreferanser i henhold til gjeldende mal
- behersker analyse og tolkning av teoretiske og empiriske funn samt kvalitetssikring av disse, og er bevisst mulige feiltolkninger og feilkilder
Generell kompetanse
Studenten
- kan søke etter faglitteratur og kritisk vurdere kvaliteten på kilden
- kan grunnleggende regler for kildebruk og kjenne til hva som defineres som plagiat og fusk i studentarbeider
- har evne til kritisk vurdering av eget arbeid
- kan reflektere rundt forskning og vitenskapelig metode, forskningsetikk og redelighet
- kan samarbeide med andre om en større oppgave
- kan utforme og skrive strukturerte rapporter som omhandler økonomisk-administrative problemstillinger som tilfredsstiller krav til etiske og faglige standarder
-
Arbeids- og undervisningsformer
Vurderinga i praksisopplæringa skal støtte opp om læring og utvikling hos den einskilde studenten. I vurderinga legg ein vekt på progresjon i forhold til dei krav og forventningar som blir stilte. I kvar praksisperiode skriv studenten ein refleksjonslogg kvar veke. Praksislærar set innhaldskrav for loggen, men han skal som minstekrav innehalde ei eigenvurdering. Eigenvurderinga inngår som del av vurderingsgrunnlaget til praksislærar.
Praksislærar skriv vurderingsrapporten om studenten etter avslutta praksisperiode i vårsemesteret. Det skal vere godt samsvar mellom den kontinuerlige rettleiinga og sluttvurderinga.
Praksisopplæringa blir vurdert til "bestått"/"ikkje bestått". Praksisopplæring i første studieår må vere bestått før studenten kan fortsette i andre studieår.
Avsluttande vurdering
For nærare informasjon om eksamen, sjå dei einskilde emneplanane.
Alle innleverte eksamensoppgåver må dokumentere at studentane meistrar munnleg og skriftleg norsk på eit nivå vurdert til bestått. Det blir gitt ein samla sluttkarakter for studieeininga. Karakteren blir vekta etter studiepoeng.
Alle delkarakterar står på karakterutskrifta. Alle eksamenar må vere bestått for at sluttkarakter skal kunne skrivast ut.
Ved gradert karakter blir det gitt bokstavkarakter med A som beste og E som dårlegaste karakter på bestått eksamen. Karakteren F blir brukt ved ein ikkje bestått eksamen. Ved ikkje gradert karakter blir det gitt bestått/ikkje bestått.
Ny/utsett eksamen
Studentens rettar og plikter ved ny/utsett eksamen går fram av forskrift om studier og eksamen ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Studentar er sjølve ansvarlege for å melde seg opp til eventuell ny/utsett eksamen. Ny/utsett eksamen til ein ordinær gruppeeksamen kan bli gitt som individuell eksamen.
Vurderingskriterium
A: Har eit særleg godt kunnskaps- og ferdigheitsnivå, og ei særleg god evne til sjølvstendig bruk av kunnskapar og ferdigheiter. Viser høgt fagleg refleksjonsnivå rundt problemstillingar innanfor grunnleggjande lese-, skrive- og matematikkopplæring, nærare presenterte i programplanen for studiet. Har eit særs godt språk, munnleg og skriftleg.
B: Har eit mykje godt kunnskaps- og ferdigheitsnivå, og ei mykje god evne til sjølvstendig bruk av kunnskapar og ferdigheiter. Viser høgt fagleg refleksjonsnivå rundt problemstillingar innanfor grunnleggjande lese-, skrive- og matematikkopplæring, nærare presenterte i programplanen for studiet. Har eit mykje godt språk, munnleg og skriftleg.
C: Har eit godt kunnskaps- og ferdigheitsnivå, og ei tilfredsstillande evne til sjølvstendig bruk av kunnskapar og ferdigheiter. Viser innslag av fagleg refleksjon rundt problemstillingar innanfor grunnleggjande lese-, skrive- og matematikkopplæring, nærare presenterte i programplanen for studiet. Har eit tilfredsstillande språk, munnleg og skriftleg.
D: Har avgrensa kunnskapar og ferdigheiter. Refererande og lite samanhengande framstilling og lite relevant stoff. Låg fagleg refleksjon rundt problemstillingar innanfor grunnleggjande lese-, skrive- og matematikkopplæring, nærare presenterte i programplanen for studiet. Har manglar språkleg, både munnleg og skriftleg.
E: Svært avgrensa kunnskapar og ferdigheiter, men tilfredsstiller minimumskrava. Manglande samanheng mellom teoretisk kunnskap og bruk av kunnskap i praksis. Svært lågt refleksjonsnivå rundt problemstillingar innanfor grunnleggjande lese-, skrive- og matematikkopplæring, nærare presenterte i programplanen for studiet. Tilfredsstiller språklege krav, men har store manglar munnleg og skriftleg.
F: Manglande kunnskapar og ferdigheiter. Viser manglande oversikt og detaljkunnskap. Manglande bruk av kunnskapar og /eller berre praktisk utan forankring i litteraturen. Manglande refleksjon rundt problemstillingar innanfor grunnleggjande lese-, skrive- og matematikkopplæring, nærare presenterte i programplanen for studiet. Manglande språkleg framstilling, munnleg og skriftleg.
Bestått: Kandidaten har vist fagkunnskap og evne til formidling som tilfredsstiller det som blir kravd for å kunne praktisere som lærar i lesing og skriving og matematikk på småskuletrinnet.
Ikkje bestått: Kandidaten har ikkje vist fagkunnskap og evne til formidling som tilfredsstiller det som blir kravd for å kunne praktisere som lærar i lesing og skriving og matematikk på småskuletrinnet.
-
Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter
For å kunne fremstille seg til eksamen må studenten ha følgende godkjente arbeidskrav:
- Arbeidskrav 1: Gruppene må registrere seg innen 1. november
Arbeidskravet må være gjennomført og godkjent innen fastlagt frist for at studenten skal kunne framstille seg til eksamen. Dersom arbeidskravet ikke blir godkjent, gis det anledning til å registrere seg på nytt innen angitt frist.
-
Vurdering og eksamen
Eksamen i emnet er en bacheloroppgave med et omfang på 8000 - 10000 ord. Forside, sammendrag, forord, innholdsfortegnelse, litteraturliste og vedlegg kommer i tillegg. Skrifttype og skriftstørrelse skal være Arial / Calibri / Verdana 12pkt. Linjeavstand: 1,5.
-
Hjelpemidler ved eksamen
Alle hjelpemidler er tillatt så lenge regler for kildehenvisning følges.
-
Vurderingsuttrykk
Gradert skala A - F
-
Sensorordning
Det benyttes intern og ekstern sensor til sensurering av alle besvarelsene.
-
Emneansvarlig
Fredrik Wulfsberg