Strategisk ledelse av digitale prosesser og KI - Student

Studieoversikt Offentlig

Strategisk ledelse av digitale prosesser og KI Studieinformasjon

Studiested
Pilestredet
Studiepoeng
10
Kull/termin
Vår 2024
Omfang
Ett semester

Timeplan

Denne timeplanen viser timeplanen for første studieår - er du allerede student kan du logge inn for å se din personlige timeplan.

Timeplan Portlet

Emner og pensumlister

Systemet kan ikke hente emner for dette studieprogrammet på det nåværende tidspunktet.

Programplan

Nyhet

Velkommen til oss som student på vidareutdanning i Strategisk ledelse av digitale prosesser og KI. Nedanfor kjem praktisk informasjon om det å vere student ved OsloMet – storbyuniversitetet.

Kvar held vi til?

Studiet vart tilboden som nettstudium gjennom Canvas.

Informasjon om studiet finn du i emneplanen lengre opp på sida

Timeplan hausten 2024

OBS! Dette er planlagde datoar og det blir tatt atterhald om endringar.

Digital samling føregår torsdagar kl. 10.00-12.00 i veke 39, 41, 42, 44 og 46.

Betalingsinfo og semesterregistrering

Semesterregistrering gjer du i Studentweb: Logg inn med brukarnamn og passord, fødselsnummer (11 siffer) og PIN-kode (4 siffer), eller via ID-porten. 
Sjekk om kontaktinfo er korrekt (adresse, tlf., e-post).

Faktura finn du under Betaling i venstre felt. Dersom det er arbeidsgjevaren din som skal betale studieavgift, må du ta kontakt med sam-evo@oslomet.no og opplyse det arbeidsgjevaren ynskjer skal stå på giroen: NAMN/føretak, postadresse og eit føretaksnummer/referansenummer. Merk at giro må hentast ut av Studentweb sjølv om det er arbeidsgjevaren din som skal betale studieavgift.

Studentweb vil etter kvart også innehalde info om slikt som oppmelding til eksamen, kandidatnummer og eksamensresultat.

Frist for betaling og semesterregistrering:
1. september (haustsemesteret) og 1. februar (vårsemesteret).

Aktivere brukarkontoen din

Som ny student vert du tildelt ein brukarkonto som gir deg tilgang til mellom anna e-post og Canvas. Du må sjølv aktivere kontoen før du får tilgang til tenestene.

Du får e-post og SMS frå OsloMet når IT-kontoen din er klar for aktivering. Gå til brukarkonto og aktiver kontoen med ID-porten. Opprett eige passord og aktiver tofaktorautentisering.

Canvas

OsloMet brukar Canvas som læringsplattform. Canvas er ei nettbasert teneste for læring, undervisning og samarbeid. For å få tilgjenge til emna dine i Canvas må du ha semesterregistrert deg. Bruk OsloMet-brukarnamnet ditt (til dømes s123456) og passord for å logge inn. Er du allereie innlogga vert du sende direkte til Canvas.

Ny student eller nyleg byrja å studere ved OsloMet igjen? Aktiver brukarkontoen din først.

Hugs at av tekniske årsaker kan det gå inntil eit døgn før du kan logge deg inn i Canvas etter å ha aktivert brukarkontoen din.

Canvas vil gi deg større fleksibilitet i studiekvardagen ved å ta i bruk Canvas-app. Canvas er kopla til Minside med tilgang til timeplan og e-post.

Meir informasjon om Canvas

Studiekort

Studiekort er eit kort med bilete og signatur som blir utskrive av OsloMet. Kortet kan rukast både som studiekort, bruk av bibliotek og tilgjenge. PIN-koden din må brukast saman med kortet for tilgjenge om ettermiddagen. Studiekortet er gyldig studentlegitimasjon berre saman med semesterkvitteringa. Studiekortet vert utferda av Kortsenteret i Pilestredet 42. Kortsenteret har ope mellom 08:15 og 15:00.

Hugs å ta med legitimasjon når du skal få utferda studiekort. Gamle kort frå tidligare studium ved OsloMet kan aktiverast igjen ved å sende e-post til kortsenteret@oslomet.no.

Anna

Informasjonssenteret i Pilestredet 35 finn du i 1. etasje ved hovudinngangen. Dei svarer på alt av praktiske spørsmål, semesterregistrering og liknande.

Trådlaust nettverk kan nyttast.
Dersom det er spesielle behov for tilrettelegging av eksamen, er søknadsfristen for dette 1. februar for våren og 1. september for hausten. Merk at søknaden må også ha vedlagt attest/uttale frå lege. Meir informasjon på Studentweb og lengre opp på sida om eksamen. Ved spørsmål bruk sam-evo@oslomet.no.

Vennleg helsing
Team for etterutdanning, vidareutdanning og oppdragsundervisning.

Studentweb lenke

Studieinfokontakt

Kontakt oss

Team for etterutdanning, videreutdanning og oppdragsundervisning

E-post :

Mer om studiet