Droppe til innhold

StudentinformasjonDigital transformasjon og ledelse

Studiested:
Pilestredet, Oslo
Studiepoeng:
10
Kull/termin:
Høst 2019
Omfang:

Timeplan

Denne timeplanen viser timeplan for første studieår. Endringer kan forekomme. Logg inn for å se din timeplan. - logg inn for å se din timeplan.
Vis felles- og gruppeundervisning hver for seg

Semesteroversikt

Digital transformasjon og ledelse

Emnekode:
VDTR6000
Studiepoeng:
10.0
Pensumliste Emneplan Timeplan
Programplan

Studiestart haust 2019 - Videreutdanning i digital transformasjon og leiing

Velkommen til oss som student på vidareutdanning i Digital transformasjon og leiing (samlingsbasert i Oslo). Nedanfor kjem praktisk informasjon om det å vere student ved OsloMet – storbyuniversitetet.

1) Kvar held vi til?

Dei fleste av studia våre har undervisning i Pilestredet 35. Nærmaste haldeplass for trikken er Holbergs plass.

2) Informasjon om innhald i studiet finn du i emneplanen.

3) Undervisningsdatoar hausten 2019

Pre-samling: 3-4. september, kl. 09.00-16.00, Pilestredet 46, PA304. Den enkelte studenten møter i gruppa si 3 timar éin av dagane.

Studiesamling 1: 25-26. september, kl. 09.00-16.00, Pilestredet 46, PA304.

Gruppemøte: 9-10. oktober, kl. 09.00-16.00, Pilestredet 46, rom PA314 og PA308. Den enkelte studenten møter i gruppa si 3 timar éin av dagane.

Studiesamling 2: 21-22. oktober, kl. 09.00-16.00, Pilestredet 46, PA318.

Post-samling: 18-19. november, kl. 09.00-16.00, Pilestredet 46, PA304. Den enkelte studenten møter i gruppa si 3 timar éin av dagane.

4) Betalingsinfo og semesterregistrering

Betalingsinformasjon for semesteravgifta finn du i Studentweb: Logg inn med fødselsnummer (11 siffer) og PIN-kode (4 siffer). PIN-kode og studentnummer blir sende ut ut i eigen e-post.Sjekk om kontaktinformasjon er rett (adresse, telefon, e-post). Faktura finn du under Betaling i venstre felt. Studentweb vil etter kvart også innehalde informasjon om påmelding til eksamen, kandidatnummer og eksamensresultat. Dersom det er arbeidsgjevaren din som skal betale studieavgift, må du ta kontakt med sam-evo@oslomet.no og opplyse det arbeidsgjevaren ynskjer skal stå på giroen: NAMN/føretak, postadresse og eit føretkasnummer/referansenummer. Merk at giro må hentast ut av Studentweb sjølv om det er arbeidsgjevaren din som skal betale studieavgift. Fristen for betaling og semesterregistrering er 1. september (haustsemesteret) og 1. februar (vårsemesteret).

5) Aktivere brukarkontoen din (få tildelt passord)

Som ny student vert du tildelt ein brukarkonto som gir deg tilgang til mellom anna e-post og Canvas. Du må sjølv aktivere kontoen før du får tilgang til tenestene. Gå til brukarkonto, tast inn studentnummer (6 siffer) og PIN-kode (4 siffer). Det er felles brukarnamn og passord for alle dei nemde IT-tenestene.

6) Canvas

OsloMet brukar Canvas som læringsplattform. Canvas er ei nettbasert teneste for læring, undervisning og samarbeid. For å få tilgjenge til emna dine i Canvas må du ha semesterregistrert deg. Bruk OsloMet-brukarnamnet ditt (til dømes s123456) og passord i Feide-vindauga for å logge inn. Er du allereie innlogga i Feide vert du sende direkte til Canvas.

Ny student eller nyleg byrja å studere ved OsloMet igjen? Aktiver brukarkontoen din først.

Hugs at av tekniske årsaker kan det gå inntil eit døgn før du kan logge deg inn i Canvas etter å ha aktivert brukarkontoen din.

Canvas vil gi deg større fleksibilitet i studiekvardagen ved å ta i bruk Canvas-app. Canvas er kopla til Minside med tilgang til timeplan og e-post. For informasjon om korleis læringsplattforma fungerer, Canvas-appen med meir, trykk her.

7) Studiekort

Studiekort er eit kort med bilete og singatur som blir utskrive av OsloMet. Kortet kan rukast både som studiekort, bruk av bibliotek og tilgjenge. PIN-koden din må brukast saman med kortet for tilgjenge om ettermiddagen. Studiekortet er gyldig studentlegitimasjon berre saman med semesterkvitteringa. Studiekortet vert utferda av Kortsenteret i Pilestredet 46. Kostsenteret har ope mellom 08:15 og 15:00.

Hugs å ta med legitimasjon når du skal få utferda studiekort. Gamle kort frå tidligare studium ved OsloMet kan aktiverast igjen ved å sende e-post til kortsenteret@oslomet.no.

8) Anna

Informasjonssenteret i Pilestredet 35 finn du i 1. etasje ved hovudinngangen. Dei svarer på alt av praktiske spørsmål, semesterregistrering og liknande.

Trådlaust nettverk kan nyttast.
Dersom det er spesielle behov for tilrettelegging av eksamen, er søknadsfristen for dette 1. mars for våren og 1. oktober for hausten. Merk at søknaden må også ha vedlagt attest/uttale frå lege. Meir informasjon på Studentweb og lengre opp på sida om eksamen. Ved spørsmål bruk sam-evo@oslomet.no.

Vennleg helsing
Team for etterutdanning, vidareutdanning og oppdragsundervisning.

Kontakt oss

Team for etterutdanning, videreutdanning og oppdragsundervisning

E-post :
chatbot-portlet