Coaching og kommunikasjon - Student

Studieoversikt Offentlig

StudentinformasjonCoaching og kommunikasjon

Studiested
Pilestredet, Oslo
Studiepoeng
10
Kull/termin
Vår 2021
Omfang
Deltid

Timeplan

Denne timeplanen viser timeplanen for første studieår - er du allerede student kan du logge inn for å se din personlige timeplan.

Timeplan Portlet

Grunnet situasjonen med Covid-19 kan det skje endringer i timeplanen på kort varsel, husk å sjekke timeplanen ofte

Emner og pensumlister

Coaching og kommunikasjon

Emnekode VCOAK6000
Studiepoeng 10.0

Nyhet

Studiestart vår 2020 - Coaching og kommunikasjon

Velkommen til oss som student på vidareutdanning i coaching og kommunikasjon. Nedanfor kjem praktisk info om det å vere student ved OsloMet.

1)    Kvar held vi til?
Dei fleste av studia våre har undervisning i campus Pilestredet. Sjå kart og veibeskrivelse her (mazemap.com).

2)     Informasjon om studiet finn du i emneplanen. Lenkje til emneplan finn du lengre opp på sida.

På grunn av en feil dukker det for tiden opp gamle pensumlister i semesteroversikten for noen emner. Vi jobber med saken, men legger derfor ut lenken til pensumlisten her:

3)    Timeplan - blir publisert så snart han er klar.

Datoar finn du under timeplan lengre opp.

4)    Betalingsinfo og semesterregistrering

Betalingsinformasjon for semesteravgifta finn du i StudentWeb: Logg inn med fødselsnummer (11 siffer) og PIN-kode (4 siffer). PIN-kode og studentnummer blir sende ut ut i eigen e-post.
Sjekk om kontaktinfo er korrekt (adresse, tlf., e-post). Faktura finn du under Betaling i venstre felt. Studentweb vil etter kvart også innehalde info om slikt som oppmelding til eksamen, kandidatnummer og eksamensresultat. Om det er arbeidsgivaren din som skal betale studieavgift, må du ta kontakt med SAM-EVO@OsloMet.no og oppgi det arbeidsgivaren ønsker skal stå på giroen: Namn/føretak, postadresse og eit føretaksnummer/referansenummer.
Merk at giro må hentast ut av Studentweb sjølv om det er arbeidsgivaren din som skal betale studieavgift.
Frist for betaling og semesterregistrering:
1. september (haustsemesteret) og 1. februar (vårsemesteret).

5)    Aktivere brukarkontoen din (få tildelt passord)
Som ny student blir du tildelt ein brukarkonto som gir deg tilgang til bl.a. e-post og Canvas. Du må sjølv aktivere kontoen før du får tilgang til tenestene. Gå til brukarkonto Tast inn studentnummer (6 siffer) med liten s foran og PIN-kode (4 siffer).
Det er felles brukarnamn og passord for alle dei nemnde IT-tenestene.

6)    Canvas

OsloMet brukar Canvas som læringsplattform. Canvas er ei nettbasert teneste for læring, undervising og samarbeid. For å få tilgjenge til emna dine i Canvas må du ha semesterregistrert deg. Bruk OsloMet-brukarnamnet ditt (t.d. s123456) og passord i Feide-vindauge for å logge inn. Er du allereie logga inn i Feide, vert du sendt direkte til Canvas.   

Ny student eller nyleg byrja å studere ved OsloMet igjen? Aktiver brukarkontoen din først.

Hugs at av tekniske årsaker kan det gå inntil eit døgn før du kan logge deg inn i Canvas etter å ha aktivert brukarkontoen din. Canvas vil gi deg større fleksibilitet i studiekvardagen ved å ta i bruk Canvas-app.

For informasjon om korleis læringsplattforma fungerer, Canvas-Appen, å logge inn trykk her

7)    Studiekort
Studiekortet er eit kort med bilete og signatur som blir utskrive av OsloMet. Kortet kan brukast både som studiekort, bibliotekskort og tilgjengekort. PIN-koden din må brukast saman med tilgjengekortet på ettermiddagen. Studiekortet saman med semesterkvitteringa er gyldig studentlegitimasjon.
Tilgjengekortet blir utferda av Kortsenteret i Pilestredet 46 (neste trikkestopp). Kortsenteret har opent mellom 0815 og 1500. Husk å ta med legitimasjon når du skal få utferda studiekort.
Gamle kort frå tidlegare studium ved OsloMet kan aktiverast igjen ved å sende e-post til: kortsenteret@OsloMet.no

8)    Anna
Infosenteret i Pilestredet 35 finn du i 1. et. ved hovudinngang, dei svarar på alt av praktiske spørsmål og hjelper deg med info om faktura, semesterregistrering etc.

Trådlaust nettverk kan nyttast.
Dersom det er spesielle behov for tilrettelegging av eksamen, er søknadsfrist for dette 1. mars for våren og 1. oktober for hausten. Merk at søknad også krev utsegn frå legen. Meir info på nettet under eksamen.
Ved spørsmål bruk e-post: sam-evo@OsloMet.no

Venleg helsing
Team EVO

Studentweb lenke

Studieinfokontakt

Kontakt oss