EPN

M5GNO1200 Norwegian, Subject 2 Course description

Course name in Norwegian
Norsk, emne 2
Study programme
Lærerutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1-13, design, kunst og håndverk / Grunnskolelærerutdanning for trinn 5-10 / Lærerutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13, kroppsøving og idrettsfag
Weight
15.0 ECTS
Year of study
2023/2024
Curriculum
FALL 2023
Schedule
Course history

Introduction

Fagplanen som høyrer til dette emnet er lagt på emne M5GNO1100 Norsk, emne 1.

Required preliminary courses

Ingen.

Learning outcomes

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar eit utval skjønnlitterære tekstar, på nynorsk og bokmål, og i Norden, i ulike sjangrar og medium, for barn, unge og vaksne
  • har omfattande kunnskap om lesing og om kva rolle fiksjonstekstar har i tekstopplæringa
  • har kunnskap om litteraturhistorie og omfattande kunnskap om litteratur frå ulike tider, for barn, unge og vaksne
  • har brei kunnskap om litteraturdidaktiske tilnærmingar og kunnskap om ulike litteraturteoretiske perspektiv
  • har kunnskap om sentrale omsette barne- og ungdomsbøker på norsk
  • har kunnskap om samisk litteratur og kultur
  • har kunnskap om relevante teoriar for munnleg opplæring

  • har kunnskap om retorikk, munnlege tradisjonar, opplesing, stemmebruk og drama som metode

Ferdigheter

Studenten

  • kan bruke kunnskap om litteratur i fagleg arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
  • kan legge til rette for at elevane får lese, skrive og samtale om fiksjonstekstar  i ulike sjangrar og medium
  • kan kartlegge og vurdere leseferdigheiter og gi læringsfremjande respons
  • kan legge til rette for at elevar får lese og skrive  fiksjonstekstar for ulike formål og i ulike sjangrar og medium
  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere arbeid med skjønnlitteratur frå ulike perspektiv og for ulike formål
  • kan grunngje kvifor fiksjonstekstar utgjer ein viktig del av tekstopplæringa
  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere elev- og klassesamtalar.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og reflektere over norskundervisning i sentrale emne og gjere greie for elev- og trinntilpassa fagdidaktiske val
  • kan formidle fagstoff om fiksjon i relevante uttrykksformer

Content

Emne 2 tar føre seg det særskilde ved fiksjonstekstar og grunngivingar for at lesing av fiksjonstekstar er sentral i norskopplæringa. Elevar omgir seg med eit mangfald av fiksjonstekstar gjennom bruk av ulike medium fordi desse tilbyr oppleving. Eit didaktisk mål i undervisningssamanheng er å styrke elevane si fiksjonsforståing ved å utvikle deira tolkande, analytiske og kritiske haldning. Ei slik haldning øver opp kontekstmedvit og retorisk medvit. Litteraturpensum skal dekkje litteratur på bokmål, nynorsk, dansk og svensk samt eldre og yngre litteratur. Pensum skal dekkje bøker av mannlege og kvinnelege forfattarar

  • Lesestrategiar og teoriar om lesing
  • Barnelitteratur, ungdomslitteratur og litteratur for vaksne
  • Litterære sjangrar: epikk, drama og lyrikk
  • Litteraturhistorie og kanon
  • Skjønnlitteratur i nordisk perspektiv
  • Litteraturteori og litteraturdidaktikk
  • Teori om munnlege ferdigheiter

Teaching and learning methods

Sjå fagplanen.

Course requirements

Retten til å avlegge eksamen har som vilkår godkjente arbeidskrav og deltaking i bestemte faglege aktivitetar. Sjå fagplandelen ovanfor for nærare informasjon om krav til innlevering og vilkår ved manglande innlevering.

  • Mappeskriving: Fire tekstar knytt til arbeid med fiksjon. Individuelt.Respons med bruk av digitale verktøy. Målet er oppøving i lesing av, skriving om og vurdering av skjønnlitterære tekstar, og erfaring med mappe som vurderingsform. Målform: nynorsk. Omfang for kvart arbeidskrav: Frå 800 til 3000 ord. Sjå nærare instruksar i Mappeskrivdokumentet.
  • Individuell framføring av munnleg forteljing. Målet er å kunne fortelje utan manus og formidle tradisjonsstoff til medstudentar og elevar. Omfang: ca. 5 minutt per student.

Assessment

Individuell skriftleg mappeeksamen.

Studentane vel tre tekstar frå arbeidsmappa (sjå under arbeidskrav over) etter nærare retningslinjer i undervisningsplanen. I tillegg skriv dei ein refleksjonstekst på 700 ord +/- 10 %, der dei mellom anna grunngir vala av tekstar til vurderingsmappa. Refleksjonsteksten inngår i vurderingsmappa saman med dei valde tekstane.

 

Målform: nynorsk.

 

Studentar som utan gyldig grunn ikkje har lagt inn tekstar innan fristane i den skriftlege digitale arbeidsmappa, får ikkje levere vurderingsmappe, og alle tekstane i arbeidsmappa må vere vurderte til godkjent for at studenten skal få levere vurderingsmappa.

 

Dersom studenten har stroke, kan han levere utbetra vurderingsmappe til ny eksamen. Også refleksjonsteksten må skrivast om for å gjere greie for endringane i tekstane i vurderingsmappa.

Permitted exam materials and equipment

Det er tillate å bruke alle typar kjelder, ordbøker og oppslagsverk med unntak av omsettingsprogram.

Grading scale

Det blir nytta ein karakterskala frå A til E for bestått og F for ikkje bestått.

Examiners

Det blir nytta to interne sensorar. Ein tilsynsensor er tilknytta emnet.