Studiestart vår 2019 - Barnevern i et minoritetsperspektiv nivå 1
Velkommen til oss som student på vidareutdanning i Barnevern i et minoritetsperspektiv nivå 1. Nedanfor kjem praktisk info om det å vere student ved OsloMet.
1) Kvar held vi til?
Dei fleste av studia våre har undervisning i campus Pilestredet. Sjå kart og veibeskrivelse her.
2) Informasjon om studiet finn du i emneplanen. Lenkje til emneplan finn du lengre opp på sida.
3) Timeplan - blir publisert så snart han er klar.
Datoar finn du under timeplan lengre opp.
4) Betalingsinfo og semesterregistrering
Betalingsinformasjon for semesteravgifta finn du i StudentWeb: Logg inn med fødselsnummer (11 siffer) og PIN-kode (4 siffer). PIN-kode og studentnummer blir sende ut ut i eigen e-post.
Sjekk om kontaktinfo er korrekt (adresse, tlf., e-post). Faktura finn du under Betaling i venstre felt. Studentweb vil etter kvart også innehalde info om slikt som oppmelding til eksamen, kandidatnummer og eksamensresultat. Om det er arbeidsgivaren din som skal betale studieavgift, må du ta kontakt med SAM-EVO@OsloMet.no og oppgi det arbeidsgivaren ønsker skal stå på giroen: Namn/føretak, postadresse og eit føretaksnummer/referansenummer.
Merk at giro må hentast ut av Studentweb sjølv om det er arbeidsgivaren din som skal betale studieavgift.
Frist for betaling og semesterregistrering:
1. september (haustsemesteret) og 1. februar (vårsemesteret).
5) Aktivere brukarkontoen din (få tildelt passord)
Som ny student blir du tildelt ein brukarkonto som gir deg tilgang til bl.a. e-post og Canvas. Du må sjølv aktivere kontoen før du får tilgang til tenestene. Gå til brukarkonto Tast inn studentnummer (6 siffer) og PIN-kode (4 siffer).
Det er felles brukarnamn og passord for alle dei nemnde IT-tenestene.
6) Canvas
OsloMet brukar Canvas som læringsplattform. Canvas er ei nettbasert teneste for læring, undervising og samarbeid. For å få tilgjenge til emna dine i Canvas må du ha semesterregistrert deg. Bruk OsloMet-brukarnamnet ditt (t.d. s123456) og passord i Feide-vindauge for å logge inn. Er du allereie logga inn i Feide, vert du sendt direkte til Canvas.
Ny student eller nyleg byrja å studere ved OsloMet igjen? Aktiver brukarkontoen din først.
Hugs at av tekniske årsaker kan det gå inntil eit døgn før du kan logge deg inn i Canvas etter å ha aktivert brukarkontoen din. Canvas vil gi deg større fleksibilitet i studiekvardagen ved å ta i bruk Canvas-app.
Canvas er kopla til Minside med tilgang til timeplan og e-post. For informasjon om korleis læringsplattforma fungerer, Canvas-Appen, å logge inn trykk her
7) Studiekort
Studiekortet er eit kort med bilete og signatur som blir utskrive av OsloMet. Kortet kan brukast både som studiekort, bibliotekskort og tilgjengekort. PIN-koden din må brukast saman med tilgjengekortet på ettermiddagen. Studiekortet saman med semesterkvitteringa er gyldig studentlegitimasjon.
Tilgjengekortet blir utferda av Kortsenteret i Pilestredet 46 (neste trikkestopp). Kortsenteret har opent mellom 0815 og 1500. Husk å ta med legitimasjon når du skal få utferda studiekort.
Gamle kort frå tidlegare studium ved OsloMet kan aktiverast igjen ved å sende e-post til: kortsenteret@OsloMet.no
8) Anna
Infosenteret i Pilestredet 35 finn du i 1. et. ved hovudinngang, dei svarar på alt av praktiske spørsmål og hjelper deg med info om faktura, semesterregistrering etc. Ved hovudinngangen ligg også bokhandelen, der du får kjøpt pensum. Også kantine er i 1. et.
Bibliotek (kalla Læringssenter ved OsloMet) finn du i 3. et. Her finn du også pc du kan nytte
Trådlaust nettverk kan nyttast.
Dersom det er spesielle behov for tilrettelegging av eksamen, er søknadsfrist for dette 1. mars for våren og 1. oktober for hausten. Merk at søknad også krev utsegn frå legen. Meir info på nettet under eksamen.
Ved spørsmål bruk e-post: sam-evo@hioa.no/sam-evo@OsloMet.no
Venleg helsing
Team EVO